Ragnar Ulstein

Ragnar Ulstein var 20 år då krigen starta i 1940. Han vart medlem i Kompani Linge og fekk seinhausten 1944 oppgåva med å byggje opp ei motstandsgruppe i Sogn. Han var sikker på at han skulle døy då tyskarane banka på døra der han gøymde seg.

Foto: Privat

Han venta på døden

ÅLESUND (NRK): Milorg-sjef Ragnar Ulstein var sikker på at han skulle døy då tyskarane banka på døra.

Magasinet i maskinpistolen var fullt og handgranatar låg klare. 96-åringen, som var Milorg-sjef i Sogn, hugsar dramaet for 71 år sidan like klart som om det var i går.

– Med ein gong eg såg desse båtane, kjende eg for første gong i livet mitt ei redsle for at no kjem du snart til å døy. Det var ein kulde i kroppen, ein kulde eg ikkje hadde kjent før og som eg ikkje har kjend sidan, fortel Ragnar Ulstein.

Faren for at eg skulle bli drepen var stor. Eg kjende ein kulde i kroppen, ein kulde eg aldri hadde kjend før.

Ragnar Ulstein

Med eit fast handtrykk tek den smilande krigshelten imot NRK i Ålesund. I dag er det 76 år sidan krigen starta og Ragnar Ulstein er i sitt 96. år, noko ein ikkje skulle tru når ein ser kor vital og sprek han er.

Med kona Jenny (89) ved si side brukar han dagane til å lese og skrive, og til å gå turar i skog og mark. På veggane heng bilete av barn og barnebarn og bokhyllene er fulle av for det meste historisk inspirert litteratur.

Ragnar Ulstein

SENTRAL MANN: Sunnmøringen Ragnar Ulstein bygde opp Milorg i Sogn som talde 500 mann ved frigjeringa i mai 1945. Den spreke 96-åringen brukar dagane til å gå turar i skog og mark og på å lese og skrive. Han har skrive over 20 bøker om krigen og fått ei rekkje prisar.

Foto: Bård Siem / NRK

Skulle byggje opp hovudkvarter

På ein levande måte fortel 96-åringen om då han bygde opp og var leiar for Milorg i Sogn.

– Vi skulle ordne med dei første kontaktane og byggje opp eit hovudkvarter der vi kunne byggje opp motstandskampen i Sogn, fortel han.

Eg ville teke giftpillen dersom eg hadde vorte teken til fange.

Ragnar Ulstein

Ulstein og ein annan kar frå Kompani Linge gjekk seinhausten 1944 i land på Domben, ei lita øy vest for Florø. Dei vart frakta dit av ein britisk ubåtjagar og hadde med seg store mengder våpen, ammunisjon, granatar og sambandsutstyr. Utstyret vart grave ned i ei myr og ei steinrøys.

Ragnar Ulstein

HADDE FLEIRE NAMN: Ragnar Ulstein nytta fleire ulike namn og identitetskort for å unngå å bli teken av tyskarane.

Foto: Bård Siem / NRK

Såg tyske båtar komme

Morgonen etter, medan dei sat og åt frukost i Martin Domben sitt hus, såg dei brått at det kom to tyske skip glidande inn mot land. Det var ope lende rundt huset, langt til utmarka og umogleg å springe vekk utan å bli oppdaga.

– Det fulle alvor gjekk opp for oss med ein gong. Vi var i ei klemme det var umogleg å kome seg unna frå. Eg forstod at det truleg ville bli døden.

Kva gjorde de?

– Vi tok fram maskinpistolane våre, fylte magasina med ammunisjon og gjekk opp på loftet. Vi tok også fram handgranatane våre. Mot nærare 40 tungt væpna tyske soldatar hadde vi ikkje ein sjanse, men det var uaktuelt å overgje seg.

Det hadde alle odds mot dykk?

– Ja, vi hadde det. Frå loftet retta vi maskinpistolane ned mot stova. Dersom vi hadde vorte tekne til fange, ville vi teke giftpillene vi hadde med oss. Dette for å unngå å sprekke under tortur. Situasjonen var frykteleg, seier 96-åringen.

Ragnar Ulstein

FEKK PRIS: Ragnar Ulstein vart i fjor tildelt forsvaret sin heiderspris av forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen og forsvarsminister Ine Eriksen Søreide.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Sette opp lytteutstyr

Så såg dei tre tyske soldatar gå mot huset der dei låg. Spenninga var uuthaldeleg. Så banka det på. Martin Domben opna døra.

– Har du egg til sals, spurde den eine tyskaren.

– Nei, det har eg ikkje, svara Martin bryskt. Så gjekk dei igjen, fortel Ulstein. Nordmennene var utruleg letta. Det var for godt til å vere sant at dei ikkje gjennomsøkte huset. Samtidig kunne dei ikkje vere sikre på at tyskarane ikkje ville kome attende til huset.

Ragnar Ulstein og martin Domben

GØYMDE SEG: Ragnar Ulstein og Martin Domben i samtale truleg på 1950-talet. Ulstein skjulte seg i Domben sitt hus og tyskarane fann han ikkje. Martin Domben vart seinare arrestert og grovt torturert av Gestapo.

Foto: Privat / Privat

Det viste seg at tyskarane hadde kome til Domben for å setje opp lytte- og peileutstyr for å spore opp dei norske agentane, som dei visste heldt til ved kysten.

Dei norske agentane hadde dagleg radiokontakt med England, og med dette utstyret kunne dei bli spora. Etter to døgn drog tyskarane frå øya. Ulstein og kameraten låg heile tida på loftet i beredskap i tilfelle tyskarane ville kome tilbake.

Bygde opp «Siskin»

Ragnar Ulstein, som opphavleg kjem frå Ulstein på Sunnmøre, rømde i 1941 over til England og vart med i Kompani Linge.

I 1942 og 1943 deltok han i fleire risikable operasjonar på norsk jord. I september 1943 var han mellom anna med på ein sabotasjeaksjon mot eit tysk forsynings- og troppeskip utanfor Nord-Gulen i Bremanger. Skipet fekk store skadar. Sjølv tok Ulstein seg av oppbygging av gruppa «Siskin» i Sogn, medan Harald Svindseth vart sett til å byggje opp milorggruppa «Snowflake» i Ålfot-fjella ved Svelgen.

Milorg-base i Sogndalsdalen

Så var det klart for neste etappe. Med ein båt fullasta av våpen, granatar, ammunisjon og sambandsutstyr la dei i veg frå Domben i retning Sogn.

Utstyret var dekt av ei presenning med ein stor haug med skjelsand oppå. Fleire tyske skip var på Sognefjorden, men båten Ulstein var i vart ikkje stoppa og kontrollert. Målet var Leikanger der dei skulle møte kontakten Olav Rise.

Rise var handelsmann og halvparten av utstyret vart lagt igjen på eit lager han hadde. Resten vart teke med til ei hytte i Sogndalsdalen der hovudkvarteret skulle liggje.

Hytte Sogndalsdalen

I SOGN: På denne hytta i Sogndalsdalen hadde Ragnar Ulstein og Milorg i Sogn ei stund hovudkvarteret sitt. Den gamle karen på bildet var ein av Ulstein sine medhjelparar. Motstandsfolka måtte rømme hytte i all hast fordi tyskarane var på veg.

Foto: Privat / Privat

Arrestasjonar og tortur

Men ein motstandsmann hadde vore lausmunna i fylla og det verst tenkelege skjedde. Om lag 70 motstandsfolk frå heile fylket vart arresterte. Mange vart torturerte og viktige delar av motstandsgruppa vart rulla opp.

Handelsmannen Olav Rise frå Leikanger vart så grovt torturert at han døydde. Også ein annan kar døydde etter å ha vorte torturert. Hadde ikkje det tyske nederlaget og freden vore like om hjørnet, kunne langt fleire av dei arresterte måtte bøte med livet.

– Det var eit hardt slag. Det var frykteleg, seier Ulstein stille.

Det vart eit frykteleg slag at folk vart arresterte.

Ragnar Ulstein
Ragnar Ulstein

BESØKTE LONDON: Ragnar Ulstein sit i stolen til sin store helt, Winston Churchill. Norske motstandsmenn på besøk i Churchill War Rooms i London, 70 år etter krigens slutt. Frå venstre: Erling Lorentzen, Ragnar Ulstein, August Rathke og Richard Zeiner-Henriksen.

Foto: Christensen, Marte / NTB scanpix

Måtte rømme

På hytta i Sogndalsdalen fekk Ulstein beskjed om kva som hadde skjedd og at 30 tyske soldatar var på veg oppover mot hytta.

– Vi pakka sakene våre og vaska golvet for å få vekk alle spor etter oss. Vi visste at tyskarane ville trenge ein time på å nå hytta. Den timen brukte vi på å pakke og kome oss unna. På nabogarden var det tre vaksne brør som hjelpte oss med å grave ned utstyret vårt i snøen, fortel Ulstein.

Så var det å spenne på seg skia og kome seg i full fart til fjells. Heldigvis var det tett snødrev og spora etter nordmennene snødde kjapt igjen.

– Tyskarane prøvde å følgje etter til fjells, men gav til slutt opp, fortel Ulstein.

Etter opprullinga valde Ulstein å flytte Milorg-hovudkvarteret til Frønningen. På slutten av krigen hadde han klart å samle saman ei væpna styrka på om lag 500 mann.

Ragnar Ulstein

OPPTEKEN AV SAMFUNNET: Trass i at Ragnar Ulstein er 96 år, er han vital og sprek. Han følgjer nøye med på samfunnsutviklinga. Han likar ikkje situasjonen i Russland og framveksten av islamistisk terrorisme.

Foto: Bård Siem / NRK

Skulle hindre tyske øydeleggingar

Då tyskarane trekte seg ut av Finnmark, brende dei ned heile landsdelen. Dei allierte var redde for at det same skulle skje då tyskarane kapitulerte i Sør-Norge

– Installasjonar og anlegg av stor samfunnsmessig betydning måtte bergast. I Sogn og Fjordane var aluminiumsverket i Høyanger av spesielt stor betydning, fortel Ulstein.

Heldigvis valde tyskarane å leggje ned våpena utan motstand og utan å øydelegge viktige installasjonar.

Har gjeve ut over 20 bøker

Etter krigen er Ragnar Ulstein kjend som journalist, krigshistorikar og forfattar. Han har vore redaktør i Filmavisen og i Fjordabladet, og var journalist i Bergens Tidende og Sunnmørsposten.

Som krigshistorikar er han mest kjend for bokverka om Kompani Linge, Englandsfarten, Svensketrafikken og den norske etterretningstenesta under krigen. Han har skrive om lag 20 bøker og fått ei rekkje utmerkingar. Han har engasjert seg sterkt mot ekstrem islamisme, noko han meiner er like farleg og undertrykkjande som nazismen og kommunismen var.

Her kan du høyre Ragnar Ulstein fortelje historia si: