Hopp til innhold

Kritisk til påstandar i bok om andre verdskrig

Motstandsmann og historikar Ragnar Ulstein (98) reagerer på Marte Michelet sine påstandar om at Heimefronten ikkje gjorde nok for å hjelpe jødar under krigen.

Ragnar Ulstein

Motstandsmann og historikar Ragnar Ulstein (98) er ueinig i påstandane som Marte Michelet kjem med i si nye bok.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Det er i si nye bok, «Hva visste Hjemmefronten? Holocaust i Norge: varslene, unnvikelsene, hemmeligholdet» at forfattar Marte Michelet skriv at Heimefronten visste at tyskarane planla ein aksjon mot norske jødar lenge før nazistane sette i gang deportasjonen hausten 1942.

Hva visste hjemmefronten? Av Marte Michelet

I boka «Hva visste Hjemmefronten? Holocaust i Norge: varslene, unnvikelsene, hemmeligholdet», ser Marte Michelet s på det som skjedde før deportasjonen av norske jødar starta hausten 1942.

I boka tek Michelet blant anna utgangspunkt i eit intervju som Ragnar Ulstein gjorde med krigshelten Gunnar Sønsteby i 1970. Der skriv ho at Sønsteby fekk vite om aksjonen tre månader på førehand, men at han ikkje gjorde noko med det. Det får historikaren Ulstein til å reagere. Han meiner at Michelet har tatt sitatet ut av kontekst.

– Michelet har brukt eit viktig materiale, men ikkje skjønt historia. At ho skriv at Heimefronten visste om jødedeportasjonane, men ikkje varsla eller gjorde noko for å få dei av garde, er berre vas. Sønsteby var sjølv med å hjelpte jødane, seier han.

Også Frode Færøy, førsteamanuensis og leiar ved Norges Hjemmefrontmuseum, meiner det er problematisk å bruke og tolke intervjuet med Sønsteby som bevis for påstandane.

Ueinige om kva som skjedde

Ulstein, som var løytnant i Kompani Linge under krigen, har i ettertida jobba som journalist og forfattar. Han har også skrive fleire bøker om krigen.

Ragnar Ulstein

Ragnar Ulstein har skrive fleire bøker om krigsåra og tida etter krigen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Forfølginga av jødar under andre verdskrig er ein mørk del av den norske krigshistoria og rundt 773 norske jødar blei deportert til Auschwitz. Ulstein vektlegg at han ikkje har lest heile boka, men synest det er opprørande at Michelet skriv at motstandsleiinga skulle vere imot eller uinteressert i å hjelpe jødane.

Han meiner at ein må sjå på hendingane i lys av den krigssituasjonen som folk levde i. Ifølgje Ulstein tok det mellom anna lang tid før den norske befolkninga innsåg at krigen var faretruande nær og at dei allierte styrkane ikkje kunne hindre ein invasjon i Noreg.

– Det var generelt vanskeleg å spreie informasjon i okkupasjonstida, fordi dette måtte skje via trygge kanalar. I tillegg var både jødane og andre seine med å flykte austover. Mange tok det ikkje alvorleg nok, rømde for seint og blei tatt, seier Ulstein.

Marte Michelet

I si nyaste bok skriv forfattar Marte Michelet at Heimefronten visste at tyskarane planla ein aksjon mot norske jødar lenge før nazistane sette i gang deportasjonen hausten 1942.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Michelet seier til NRK at ho har forståing for at Ulstein opplever boka som vanskeleg. Ho håper likevel at han vil sjå eit nyansert og detaljert bilde, av det som skjedde hausten 1942, når han har lest heile boka.

– Ulstein har vore ein av dei viktigaste historikarane på dette området sidan 1970-talet. Eg vil understreke at han har gjort eit viktig arbeid, men eg er ueinig i ein del av hans konklusjonar og vurderingar rundt det han har valt å bringe vidare, seier Michelet.

– Når det gjeld intervjuet med Sønsteby så er den delen skrive ordrett i boka. Så kan folk lese det og sjølv ta stilling til det som står der, held ho fram.

Heimefronten

I boka rettar Michelet også kritikk mot Heimefronten og meiner at dei ikkje brukte apparatet sitt til å få folk over til Sverige. Ulstein meiner derimot at Heimefronten ikkje var organisert i særleg stor grad i 1942.

– Heimefronten var berre eit par menn den gong. Men det var likevel stor vilje blant nordmennene til å hjelpe jødane. Det blei etter kvart oppretta fleire grupper med personar som hjelpte med å skjule og frakte jødar ut av landet.

Michelet meiner derimot at det ho legg fram er ei historisk framstilling av det som skjedde.

– Dette er ein del av ei stor kartlegging som blir lagt fram. Sønsteby var ikkje den einaste som fekk varsel. Eg synest det er viktig å ta omsyn til fakta, seier ho.