Frå det gamle gruvetårnet på Rausand i Nesset blir det sleppt ut ammoniakk, hydrogensulfid og ein gass som innbyggjarane i området fryktar er helsefarleg.
Sterk lukt
Bedrifta Reox driv attvinning av aluminium. Utsleppa frå produksjonen gir frå seg ei sterk lukt som plagar innbyggjarane og gir frykt for helseskadar.
Klima- og forureiningsdirektoratet vil no undersøke utsleppa. Det stadfestar seksjonssjef Harald Sørby.
Direktoratet har fastsett grenser for utslepp både til luft og vatn, og det er stilt spesielle vilkår om å ha fokus på luktplager.
Tek det på alvor
Direktoratet fått fleire klager på stank frå verksemda, seier Sørby.
– Det tek vi alvorleg, og det vil vi ta opp med bedrifta. Vi vil spørje dei om kva dette kan skuldast, og kva bedrifta har gjort for å redusere luktplagene.
– Bedrifta hadde eit ukontrollert utslepp til vatn tidlegare i år, fryktar de at vilkåra for utslepp ikkje blir skikkeleg etterkome?
– Vi har ikkje noko generelt grunnlag for å seie det, men når vi får ei tilbakemelding om ulemper, må vi undersøke dette grundig.
– Folk fryktar desse utsleppa er helseskadelege, har dei grunn til det?
– Det kan ikkje vi svare på. Då må dei ta kontakt med helsevesenet, seier seksjonssjef Harald Sørby i Klima- og forureiningsdirektoratet til NRK.