Hopp til innhold

Opna vallokalet utan Venstre-setlar: – Alvorleg og kritikkverdig

Då vallokalet ved Bjerkelund skole på Frei opna søndag ettermiddag, var det utan Venstre si stemmeliste på bordet. Det likte Pål Farstad, Venstre sin førstekandidat til stortingsvalget for Møre og Romsdal, svært dårleg.

Pål Farstad Bjerkelund

Venstre sine stemmelister mangla då Bjerkelund krins opna vallokala på Bjerkelund skole søndag. Det får Pål Farstad, Venstre sin førstekandidat til stortingsvalet for Møre og Romsdal, til å reagere.

Foto: Montasje / NRK

– Det er utilgiveleg at slikt skjer. Det er mitt ansvar at setlane til dei ulike partia skal vere her, så vi legg oss heilt flate, seier leiar for stemmestyret i Bjerkelund krets, Per Kvalvik.

Problemet vart løyst etter rundt ein kvarters tid, då Venstre-setlane endeleg dukka opp. Det viste seg at setlane hadde hamna i stemmelokalet til Rensvik krets, slik at ein der hadde dobbelt opp med Venstre-setlar.

Per Kvalvik

Leiar for stemmestyret i Bjerkelund valkrins på Frei, Per Kvalvik, beklagar feilen på det sterkaste.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vi vurderte først å stengje lokalet, men det gjorde vi ikkje fordi det gjekk så kort tid frå då vi oppdaga feilen til vi fekk retta den. Vi sendte ein valfunksjonær til Rensvik krets, og fekk dermed henta setlane vi trengte, seier Per Kvalvik.

– Håpar det ikkje får noko å seie

Som Venstre sin førstekandidat til stortingsvalet frå Møre og Romsdal, blei Pål Farstad sjokkert då han fekk vite at stemmelistene til partiet hans ikkje var å finne i vallokalet til Bjerkelund krets.

– Det er sjølvsagt både alvorleg og kritikkverdig når ikkje alt er på plass i vallokalet når folk kjem for å stemme. Eg håpar at dette kom i orden igjen så raskt at det ikkje får noko å seie for stemmegivinga.

– Men det veit ein jo diverre ikkje, sa ein oppgitt Pål Farstad til NRK Møre og Romsdal etter at tabben blei kjent.

pål farstad

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL