Hopp til innhold

Gjennomslag i Eiksundtunnelen

Torsdag klokka tolv var det gjennomslag i verdas djupaste tunnel, Eiksundtunnelen, som går mellom Ulstein og Ørsta.

Frå gjennomslaget i Eiksundtunnelen
Foto: Brede Røsjø / NRK

Eiksundtunnelen går 287 meter under havoverflata, og er den djupaste undersjøiske tunnelen i verda.

- Vi har laga ein lang og vanskeleg tunnel. Dette er det største vegprosjektet i Møre og Romsdal på fleire år, og vi kan seie at det har vore det mest utfordrande prosjektet vi har hatt. Så vi er svært nøgde, seier prosjektleiar i vegvesenet, Oddbjørn Pladsen. 

 

Kostbar tunnel

Heile 911 millionar kroner er budsjettert til bygging av tunnelen, men Pladsen trur dei kan klare å kome 40 millionar kroner under dette overslaget.

Verdsrekord

Med sine 287 meter under havoverflata er altså Eiksundtunnelen verdas djupaste. Men den rekorden kan bli kortvarig.

- Rekorden står nok for fall, for det er mange tunnelar under planlegging som er over 300 meter djupe, og dei kan kome no i løpet av dei neste åra, fortel Pladsen.

- Men eg er ikkje så opptatt av å ha verdsrekorden. Det viktigaste er at vi har klart å gjennomføre dette prosjektet, og at vi har klart det utan at nokon har kome til skade.

Opnar til jul

Pladsen håpar at dei skal bli ferdige med tunnelen til jul, om lag i midten av desember.

- Vi har ein del etterarbeid igjen, med vass og frostsikring, vi må lage veg i tunnelen, og det er mykje teknisk utrusting som står att. Men no kjem ein seg vertfall tørrskodde mellom øyane og Ørsta og Volda, fortel Pladsen.

Eiksundtunnelen blir 7 765 meter lang. Han er ein del av det nye Eiksundsambandet som knyter øykommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande til Ørsta/Volda-området.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL