Hopp til innhold

Draumen om storkommunen lever framleis

At romsdalingar og nordmøringar i distrikta sa nei til storkommunar, betyr ingenting, meiner ordførar i Ålesund, Eva Vinje Aurdal. Ho vil samle nordre Sunnmøre til eitt rike.

Eva Vinje Aurdal

Eva Vinje Aurdal (Ap) trur skepsisen nord i fylket gir ei moglegheit for Sunnmøre til å posisjonere seg.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

Måndag var det folkeavstemming i 13 kommunar i Romsdal og på Nordmøre. Folket sa eit rungande nei til storkommunealternativa. Dei ville heller at kommunen dei bur i skal stå åleine eller slå seg saman med naboen. Eva Vinje Aurdal drøymer om at Ålesund skal stå i sentrum av ein storkommune på Sunnmøre. Ho trur skepsisen nord i fylket gir ei moglegheit for Sunnmøre til å posisjonere seg.

– Sunnmøringar skuar ikkje altfor mykje til kva romsdalingar og nordmøringar gjer. Sunnmøringar er laga av eit eige stoff og vi har tradisjonar for å gå våre eigne vegar, seier Vinje Aurdal.

Viktig å seie ja
Jim Arve Røssevoll

Jim Arve Røssevoll (Ap) er ordførar i Sula og han meiner at det ikkje handlar om å vere størst mogleg

Foto: Trond Vestre / NRK

19. mai skal sunnmøringane gå til avstemming. Eitt av forslaga er at ni kommunar skal slå seg saman med Ålesund. Vinje Aurdal meiner det er viktig at innbyggjarane seier ja til ein sterk storkommune.

– Sunnmøringar har historie for å ta risiko dersom dei har stor nok tru på målet, seier ordføraren.

LES OGSÅ:

Vil samarbeide utan samanslåing

Ikkje alle er like sterke i trua som Vinje Aurdal. Jim Arve Røssevoll (Ap) er ordførar i Sula og han meiner at det ikkje handlar om å vere størst mogleg, men korleis ein organiserer seg. Han er samd med Vinje Aurdal om at ein storkommune kan bli ei slagkraftig eining, men meiner ein også må ta andre omsyn.

– Eg trur vi kan bygge ein stor og sterk region på andre samarbeidsplattformer, seier Røssevoll.

Skeptisk til samarbeid

Valforskar Frank Aarebrot er skeptisk

Frank Aarebrot i Fredagspanelet i NRKs valgsending fra Bergen

Frank Aarebrot meiner sunnmøringen må tenkje på kva som er det beste for Sunnmøre.

Foto: NRK

til Røssevolls forslag om meir samarbeid mellom kommunar, som eit alternativ til samanslåing. Han trur det kan føre til meir byråkrati og mindre demokrati. Gjennom interkommunale selskap gir politikarane frå seg makta. Han meiner sunnmøringen må tenkje på kva som er det beste for Sunnmøre.

– Eg vil tru det er lurt for Sunnmøre å få tilbake kontrollen over regionen, slik at den ikkje lenger vil ligge i Molde, seier Aarebrot.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL