Hopp til innhold

Gigantisk show på vesle Glomset

Dei 80 husstandane på Glomset i Skodje er ein eksklusiv gjeng. Dei fem siste åra har dei fått sitt eige spesialdesigna fyrverkerishow til ein marknadspris på 60.000 kroner.

Kenneth Hurlen

KLAR: Kenneth Hurlen gler seg stort til nyttårsaftan. Heile dagen går med til å lage fyrverkerishowet på Glomset i Skodje.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det er Kenneth Hurlen som står bak fyrverkerishowet i den vesle bygda. Dette er no blitt eit spleiselag, der alle som vil kan bidra.

– Men det er ikkje slik at du MÅ betale for å sjå. Alle er velkomne, seier Hurlen.

Profesjonell

Kenneth Hurlen har også fyrverkeri delvis som yrke, men showet han lagar for sambygdingane nyttårsaftan, er rein idealisme.

– Det går med ein del tid og pengar. Men eg tenker som så at andre bruker pengar på alkohol og tobakk, eller bilskruing, det gjer ikkje eg, seier Hurlen.

Familien Hurlen

GLER SEG: Kenneth Hurlen får god fyrverkeristøtte frå kona Miriam Hurlen og gutane Darian (snart 1) og Elander (snart 5). Eldstesonen Benjamin (13) var ikkje til stades då bildet vart tatt.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Trebarnsfaren har heldigvis også god støtte frå kona Miriam Hurlen. Ho seier ingenting på at mannen brukar store delar av desember og heile nyttårsaftan på showet.

– Det er gøy at han har ein hobby som han likar å halde på med. Eg også likar å sjå på, og synest det er fint, seier ho.

Sjå deler av fjorårets show her:

Video Nyttårsfyrverkeriet på Glomset

Glomset er ei lita bygd, og inne i bukta er det heller ikkje nokon andre som får sjå fyrverkeriet. Her er video frå deler av fjorårets show.

Les også:

Rykta går

Men det er ikkje berre dei som bur i den vesle bygda som får med seg showet. Rykta går, og for kvart år kjem fleire og fleire tilskodarar til Glomset for å sjå.

– Det er berre kjekt. Men det er eit viktig poeng at vi er på Glomset. Det hadde ikkje vorte like eksklusivt om vi var i ein stor by, seier Kenneth Hurlen.

Kenneth Hurlen

VAKKERT: I vakre omgivnader førebur Kenneth Hurlen årets show.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Han er godt i gang med å førebu årets fyrverkeri, og i år har han også investert i sjølvutløysar, slik at han kan stå saman med resten av publikum.

– Eg drøymer om å sende opp frå ein lekter utpå fjorden i framtida. Men vi får sjå. Alt kostar pengar, seier han.