Hopp til innhold

Geolog på rasstaden

Fylkesgeologen i Møre og Romsdal undersøkjer no raset som knuste bustadblokk i Ålesund.

Fylkesgeolog Einar Anda

Fylkesgeolog Einar Anda kom til Fjelltun i Ålesund i formiddag.

Foto: Terje Reite / NRK

Fylkesgeolog Einar Anda seier dei startar arbeidet med å undersøke fjellet bak bustadblokka onsdag formiddag.

Undersøkingar

- Vi skal sjå på fjellet og sjå kva som har skjedd her, seier Anda til NRK Møre og Romsdal. Det er for tidleg å seie noko om årsaka no, seier han.

Einar Anda seier at han aldri har sett noko liknande før. - Nei, i bystrøk som dette har eg aldri sett noko slikt, seier han. Det er veldig spesielt at ei bustadblokk ramlar saman på denne måten.

Byfjellet Aksla

Det vil enno ta tid før geologane kan seie noko om kva som førte til at store steinmassar rasa ut frå skrenten bak bustadblokka. Bustadblokka er bygt inn mot byfjellet Aksla i bydelen Fjelltun. Deler av byfjellet Aksla har vore rekna som rasutsett, men då i hovudsak lenger vest og spesielt i nærleiken av Nørvøy barneskole.

Boligblokk alesund

I bakgrunnen ser du fjellskrenten der raset har gått.

Foto: Terje Reite/NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL