Hopp til innhold

Gasellepris til ICD Software

Ålesundsbedrifta ICD Software er kåra til årets gasellebedrift i Møre og Romsdal. Prisen blei delt ut av Dagens Næringsliv under eit arrangement i Ålesund fredag føremiddag.

ICD Software

Representantar for ICD Software mottar prisen som årets gasellebedrift i Møre og Romsdal.

Foto: Berge Myrene / NRK

Christer Valderhaug

Christer Valderhaug er dagleg leiar i ICD Software

Foto: Berge Myrene / NRK

– Dette betyr mykje både internt og eksternt. Det seier dagleg leiar Christer Valderhaug i ICD Software.

Ålesundsselskapet blei etablert i 2001 og har i dag 35 tilsette. Dei har spesialisert seg på å levere teknologiske løysingar for kvalitetssikringssystem til den maritime næringa og oljebransjen.

– Eksternt betyr dette sjølvsagt at vi blir meir synlege og det er viktig for omdømmet. Men ikkje minst betyr dette mykje internt i bedrifta for dei tilsette som står bak denne prisen, seier Valderhaug.

– Representerer eit skifte

Gunnar Bjørkavåg

Prisen blei delt ut av Gunnar Bjørkavåg som er styreleiar i Dagens Næringsliv.

Foto: Berge Myrene / NRK

I alt 140 bedrifter i Møre og Romsdal kan i dag titulere seg som gasellebedrifter. Dette er ei utmerking til aksjeselskap som leverer ryddige rekneskap og gode resultat over fleire år.

Styreleiar Gunnar Bjørkavåg i Dagens Næringsliv meiner årets vinnar representerer ein type bedrifter som vil markere seg sterkt i konkurransen dei neste åra.

– Det er første gong det er denne typen teknologiselskap som vinn prisen her i Møre og Romsdal. Dei vinn fordi dei har hatt ein flott omsetningsvekst gjennom dei siste fire åra, seier Bjørkavåg.

Dagens Næringsliv har sidan 2003 kåra den beste gasellebedrifta i kvart fylke. Bjørkavåg seier det i år er særleg stor spreiing blant bedriftene i Møre og Romsdal.

– Vi ser at det no er eit skifte blant selskapa mot meir moderne næringar og databransjen, og det var fleire vinnarar frå denne delen av næringslivet i år. Samstundes ser vi at det går litt treigare i den tradisjonelle industrien.

I år er det desse fem bedriftene som toppar lista for Møre og Romsdal:

  • ICD Software
  • Itub AS
  • Xpro As
  • Fafe Trans
  • Hydra Pipe As

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL