Hopp til innhold

Går for å redusere ferjetilbodet

På møte i fylkets samferdselsutval i dag vart det klart at fleirtalet går inn for å redusere ferjetilbodet, slik det passar med overføringane frå staten. – Vi har nødt til å kutte i ferjetilbodet til det som Stortinget har bestemt at vi skal ha. Vi har bygd opp dette tilbodet fordi vi meiner at næringslivet treng det, men når det ikkje blir finansiert så må vi ta det ned igjen, seier leiar i samferdselsutvalet, Krisin Sørheim. Det vart ikkje gjort vedtak i dag, fordi saka blir sendt videre til fylkesutvalet, som skal behandla saka saman med andre planlagde kutt.