Hopp til innhold

Fyll og fyrverkeri

– Det har vore mykje folk ute denne helga. Slik omtalar Sunnmøre politidistrikt helga som har vore.

Politi

Politiet i Nordmøre og Romsdal og Sunnmøre politidistrikt har hatt meir enn nok å gjere denne helga.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Heile tre personar blei sett i arrest på grunn av fyll natt til søndag. I alt seks personar blei vist vekk frå sentrum før dei kom så langt at det var grunnlag for å ta dei med inn til arresten, det skriv Tor Andre Gram Franck, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, i politiloggen.

Like etter midnatt blei ein fest i Spjelkavik avslutta av politiet, då det skal ha vore ein del fulle ungdomar på staden som lagde bråk. I tillegg blei ein mann i tjue åra tatt med inn til politistasjonen etter å ha slått etter fleire personar på staden. Sak vil bli oppretta.

Litt seinare på kvelden, klokka kvart på tre, blei ein mann i tjue åra tatt med inn til arresten. Mannen hadde fått litt for mykje å drikke og var plagsam for kundar ved eit gatekjøkken i Ålesund sentrum.

Eit par minutt seinare, blei ein annan mann i tjue åra tatt med inn til arresten etter at han la seg til å sove på eit fortau på Fjelltun i Ålesund. Også han var rusa på alkohol.

Fyrverkeri

Ved totalt tre anledningar blei det meldt om ulovleg oppskyting av fyrverkeri ved idrettsbana i Ørsta. Dette til trass for at det framleis ikkje er nyttårsaftan.

Også tidlegare denne veka var det meldt om oppskyting av ulovleg fyrverkeri i Ørsta. Dei feststemte var vekke då politiet kom til staden.

Nekta å gå frå utestad

Heller ikkje i Nordmøre og Romsdal har det vore ei roleg helg. Natt til søndag var ein mann i tjue åra uønskt på ein serveringsstad i Kristiansund, på grunn av tidlegare episodar, men nekta å gå frå staden.

I staden skapte han meir uro då politiet kom, noko som gjorde at han blei sett inn i drukkenskapsarresten for natta.

Fyllekøyring og hærverk

Like før klokka tre blei ein mann i førti åra arrestert og sikta for promillekøyring i Sunndal. Mannen forsøkte å stikke av frå politiet, men køyrde over ein fortauskant og punkterte alle hjula på bilen.

Ein bil med fem personar køyrde i autovernet i Måndalen i løpet av natta. Ingen av personane i bilen vart skada, men det oppstod skade på autovernet. Bilførar blir meldt for å ikkje ha varsla om skade på ein annan person sin eigedom.

Ein ung mann i slutten av tenåra vil også måtte bøte for skader han gjorde på Sunndalsøra natt til søndag. Mannen blir blant anna meldt for skadeverk på bil og postkasser.