Hopp til innhold

Tommy er hekta på Olsenbanden - no har han laga eigen film

Tommy Lindberget har i dag verdspremiere på sin eigen film «Olsenbanden raner Rauma».

Tommy Lindberget har i dag verdspremiere på sin eigen film «Olsenbanden raner Rauma».

Tysdag kveld er det premiere på kortfilmen «Olsenbanden raner Rauma». Tommy Lindberget kom med ideen og har hovudrolla som Egon Olsen.

31 år gamle Tommy Lindberget frå Rauma elskar Olsenbanden. Han har alle filmane på dvd og har sett dei om att og om att. Lindbergets største draum var å lage sin eigen Olsenbanden-film. Sjølv om han har vanskar med språk og uttale, stoppar det han ikkje. Tidlegare i år kontakta han Thomas Trana i Rauma kommune for å få hjelp til å lage filmen.

– Det er heilt fantastisk for eit pågangsmot Tommy har. Planen hans er å lage 31 episodar, men eg sa at vi kan starte med ein først, seier Thomas Trana og ler.

Olsenbanden i Rauma

Tommy Lindberget saman med politifolka Richard Merlid og Catarina Back. Dei spelar seg sjølve i filmen.

Foto: Thomas E. Trana

Raner Raumabanken

Trana jobbar til vanleg ved bustadkontoret i kommunen og har ingen erfaring frå det å lage film. Han og Tommy har hyra inn hjelp til foto frå Thomas Dahle. Sjølv har han brukt all ledig fritid for å hjelpe Tommy med å virkeliggjere draumen. Filmen er bygt opp på same måte som alle dei andre filmane i serien, der Egon kjem ut av fengselet og legg ein ny plan. No er det safen i Raumabanken som skal sprengast.

Skreiv om replikkane

Thomas Trana

Thomas Trana har vore produsent og regissør på filmen. Her saman med Lars Håvard Torvik, som spelar Kjell.

Foto: Øyvind Dale Mathisen

Tommy har sjølvsagt hovudrolla som Egon Olsen og dei kjende frasane som «Jeg har ein plan», «amatører» og «idioter» er så klart med. Mange av kompisane til Tommy med ulike funksjonshemmingar har også roller i filmen. Og dei er like hekta på serien som Tommy.

– Det har sjølvsagt vore nokre utfordringar på det med replikkar, men vi har skrive dei om slik at alle skulle ha ein sjanse til å hugse dei, seier Trana.

Dei har også fått med seg revymiljøet i kommunen til å spele ulike karakterar.

På festivalar

Filmen er laga på eit minimumsbudsjett og kostar til saman rundt 25.000 kroner. Trana er stolt over det Tommy og gjengen har utretta. Han meiner at dette syner at det går an å oppfylle draumen sin. Premiereførestillinga i kveld er utseld, men filmen vert vist fleire gongar denne veka.

– Min draum er at vi får syne den fram andre stader i landet også. Gjerne på festival, seier Thomas Trana.