Leiar i Stortingets samferdselskomite, Petter Løvik frå Høgre, meiner at både Fjord1 og verftsindustrien i fylket har store sjansar etter at regjeringa bestemte at dei nye gassferjene skal settast inn i samband i Rogaland og Hordaland.
Både leiinga i Fjord1 og lokale politikarar er skuffa over at Møre og Romsdal ikkje fikk dei nye ferjene.
Men det er ingen grunn til å henge med hovudet, meiner Løvik. Det var mange her i fylket som var misfornøgd etter at det i går vart kjent at Rogaland og Hordaland får dei nye gassferjene.
Mange sjansar
Men kva selskap som skal drive desse ferjestrekningane skal avgjerast gjennom ei anbodsrunde. Og her bør MRF vere på hugget, meiner Løvik. Men det store slaget vil likevel stå om kven som skal få bygge dei nye gassferjene. Dette er ein godbit i ei tid med ordretørke. Og verft i Møre og Romsdal bør ha gode sjansar, meiner Løvik.