Hopp til innhold

Fryktar proffe narkolangarar sender frå denne postkassa

Politiet fryktar at profesjonelle aktørar forsyner narkomane over heile landet frå ein liten nordmørskommune. Stoffet blir sendt frå postkasser i sentrum.

Postkasse i Sunndal

Dei raude postkassene blir brukte til å sende narkotika til heile landet.

Foto: Jan Erik Vangen

Dei raude postkassene til Posten har blitt sentrale i opprullinga av narkotikasaka som har forgreiningar til heile landet. Politiet fryktar at det står profesjonelle aktørar bak distribusjonen som har skjedd via ulike postkasser i sentrum av den vesle tettstaden Sunndaløra.

Ei rekkje brev og pakkar har gått til adresser i heile Noreg.

– Ut frå dette verkar dette til å vere profesjonelt utført, og kan potensielt ha eit omfang utover det vi har avdekka ved våre kontrollar så langt, seier politistasjonssjef Lars Olav Melkild ved Sunndal politistasjon.

Lars Olav Melkild

Politistasjonssjef Lars Olav Melkild fryktar at det står proffe bak narkotikasalet.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Han vil ikkje seie nøyaktig kor mange av breva og pakkane dei har klart å stoppe i dei raude postkassene, men seier det er «omfattande». Seljarane skal mellom anna ha sendt stoff som kokain og amfetamin.

Les også Hver eneste dag sendes narkotika i post: – Barn helt ned i 13-årsalderen bestiller det på nett

Narko kamuflert som godteri

Fryktar ny arena for kjøp og sal

Politiet meiner at stadig meir av narkotikasalet går føre seg via sosiale media og ved hjelp av profesjonelle distributørar, som til dømes Posten. Berre på eitt år, i 2018, oppdaga Tolletaten 12 000 brev og pakkar med narkotika og ulovlege legemiddel i posten.

– Vi synest det er alvorleg at tradisjonelle distributørar som Posten blir brukt til å sende illegale rusmiddel rundt i heile landet, seier Melkild.

Politiet har tidlegare gått ut og bedt folk om å låse postkassene sine for å unngå å bli brukt i samband med narkotikahandel.

canabissjokolade

Dette er døme på narkotika som Tollvesenet tidlegare har funne i posten. Sjokoladen inneheld hasj.

Foto: Tolletaten

– Høyrer det skranglar i tablettar

For Posten er narkotikasendingar ei kjent problemstilling. Fagansvarleg for antikrim i Posten, Terje Ulfsten, seier dei kursar alle tilsette for at dei skal kunne avdekke og varsle slike sendingar. Han seier dei stadig oppdagar brev og pakkar med ulovleg innhald.

– Det kan vere til dømes kannabis, som har ei veldig spesiell lukt. Det kan vere pulver-lekkasjar, eller væske som skvulpar eller at det skranglar i tablettar, seier han.

Sunndal sentrum

Her frå den vesle bygda Sunndalsøra fryktar politiet at profesjonelle står bak utsending av narkotika til heile landet.

Foto: Jan Erik Vangen

Fann kokain i barnehage

Politiet kom på sporet av saka då ungar fann kokain i ein barnehage i Sunndal for om lag ein månad sidan. Barn som leika utanfor barnehagen fann eit mistenkjeleg, kvitt pulver. Det viste seg å vere narkotika.

Politiet har førebels ingen mistenkte i saka, og fryktar at dei som står bak har sendt frå seg ei rekkje brev og pakkar før det blei oppdaga.

– Truleg kan det vere fleire pakkar og brev vi ikkje har kontroll på, seier politistasjonssjef Melkild.

Holssand Barnehage i Sunndal

FANN KOKAIN: Her ved Holssand Barnehage fann ungar narkotika i juni.

Foto: Jan Erik Vangen