Hopp til innhold

Politiet åtvarar: Kriminelle bestiller narkotika til andre sine postkasser

Stengde grenser og folketomme gater fører til kreative metodar i narkomiljøet.

Illustrasjonsbilete

POSTKASSER: Politiet la ut dette bildet i samband med åtvaringa. Postkassene på bildet har ikkje noko med narkotikasaka å gjere.

Foto: POLITIET

– Det kan vere enklare å nytte seg av posten for å få fram varene utan å verte avslørt, seier fagleiar Rune Fimreite i politiet sin nettpatrulje vest.

Onsdag la nettpatruljen ut eit innlegg på Facebook der dei oppfordrar folk til å sikre postkassa si med hengelås. Årsaka er at dei har fått fleire meldingar frå folk som tek imot mystiske pakkar, og sidan vert kontakta av ukjende personar.

Ofte inneheld varene narkotika, og slike uønskte pakker har den siste tida auka.

Forvirringstaktikk

Personane som eig postkassane får spørsmål om dei har fått tildelt ein «feilsend pakke».

– Mange opplever det som ubehageleg, og det er ofte difor dei tek kontakt også med oss, seier han.

Fimreite seier at det også er tilfelle av nye postkasser med ein fiktiv adresse, som kan dukke opp på tilfeldige postkassestativ. Han meiner dette er ein bevisst form for anonymiserings-strategi. Ein slik metode vart også brukt i det som vart kalla Noregs største dopingsak.

– Mange postforsendingar vert jo stoppa allereie på grensa, og politiet vert gjort merksam på kvar dei skulle vorte sendt. Dersom den vert sendt til nokon uskyldige, lagar dette meir ball for oss.

Nødvendig for å stoppe trafikken

Med grensene stengde, er posten nesten den einaste måten å selje og kjøpe narkotika frå utlandet. Fimreite påpeiker at folk difor enklare kan hjelpe til å stoppe trafikken ved å setje sikringslås på postkassa.

– Då har ein i alle fall kontroll på det som slepp ut igjen.

Han håpar elles at folk følgjer nøye med, og eventuelt gir beskjed dersom dei skulle ende opp med å få noko mistenkjeleg i postkassa.

– Dei som er utsette for dette bør ta kontakt. Det kan vere viktig informasjon for oss også, seier han.