Hopp til innhold

Bråk om formuesskatten etter ferjesalet

Bedriftseigarar langs kysten kvittar seg med eigedelar, men resultatet kan vere at dei må betale meir i formuesskatt.

Midt-Norsk Havbruk

TØFFE FRONTAR: Etter at det fjerde og siste ferjeselskapet i landet vart overteke av utanlandske hender førre veke, har debatten om formuesskatten vorte hardare.

Foto: Midt-Norsk Havbruk

Salet av Fjord1 pustar liv i det som er omtalt som den mest uforsonlege skattekampen i norsk politikk.

Bakgrunnen er forklaringa til den gamle eigaren om at salet vart «tvinga» fram av den særnorske formuesskatten.

No mobiliserer fleire for å korrigere inntrykket av at den norske skattemodellen «favoriserer utlendingar» og svekkjer konkurransekrafta til norske eigarar langs kysten.

Ei rekkje stemmer seier til NRK at den uttalte grunngivinga for ferjesalet «ikkje gir meining» (sjå under).

Forklaringa er todelt:

  • Skattetrykket blir ikkje mindre etter eit sal. Formuesskatten er den same, same kor eigaren plasserer pengane sine.
  • Om noko går skattetrykket opp. Om pengane var plasserte i eit unotert selskap med verdsetjingsrabatt, vil salet gjere at grunnlaget for formuesskatten like gjerne blir høgare.

Formuesskatten gir ikkje noko insentiv til å flytte formue ut av selskapa. Tvert imot: Ved å ta pengane ut av selskapa blir formuesskatten auka fordi verdsetjingsrabatten blir borte, seier Knut Røed ved Frisch-senteret.

I 2020 leverte han ein omstridd rapport til Nærings- og fiskeridepartementet som slo fast at formuesskatten aukar sysselsetjinga.

Kritikarar svarte at rapporten var lite verd og at dei ville «ete lua si» om ho vart lytta til.

Med andre ord: I tillegg til å vere politisk betent, er debatten om formuesskatten også fagleg betent.

Marie Sneve Martinussen møter pressen etter at Bjørnar Moxnes har blitt sykmeldt.

 – Dessverre kjøper media klagesongen til dei rike, seier leiar i Raudt, Marie Sneve Martinussen.

Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK

Speler på skepsis mot utanlandsk eigarskap

NHH-professor Jarle Møen er nestleiar ved Norsk senter for skatteforsking.

Han seier dei mest brukte argumenta mot formuesskatten «ikkje består ein fagleg test» og avviser at formuesskatten er eksepsjonell eller vesensforskjellig frå andre skattar og avgifter.

Det er legitimt å ønskje seg lågare skatt. Men skal vi ha ein opplyst debatt, er det viktig at folk forstår kva som er dei faktiske verknadene av formuesskatten, seier han.

Han meiner ferjesalet er lite eigna til å kaste ljos over dei negative sidene til formuesskatten, og at det er ei «avsporing å spele på at kjøparen er utanlandsk».

NHH-kollega Ole-Andreas Elvik Næss seier at motstandarane av formuesskatt har betre argument på handa enn at han «favoriserer utlendingar», men at det «truleg er eit lurt pr-grep sidan det byggjer på ein populær skepsis mot utanlandsk eigarskap».

Eit betre argument mot formuesskatt kan vere at han gjer eigarane så irriterte på det norske systemet at dei ikkje gidd å drive business her, og flyttar til Sveits.

Ein oversikt i Finansavisen viser at 75 av dei 400 mest formuande i landet har forlate Noreg for Sveits i løpet av den siste tida.

Elvik Næss seier at eit godt skattesystem også må ta høgd for kjensler, flyttemeldingar og andre «tilpassingar».

Om Noreg skaper omgivnader der eigarane føler at dei blir motarbeidde, så kan det vere skadeleg. Så må vi sjølvsagt tenkje på rettferd og omfordeling i tillegg, seier han.

2Lepyn4ljDY

Havila Holding har forklart at formuesskatten var «utslagsgivande» og «ein av hovudfaktorane» for at dei starta prosessen med å selje Fjord1.

Foto: NTB

«Sterk skepsis til sentralmakt og embetsverk»

Kvifor blir debatten om ein éinprosent-skatt som omfattar 14 prosent av skattebetalarane så oppheta?

Kva slags spenningar er det han set i spel?

For det første har debatten om «rikingskatten» klangbotn i den klassiske høgre/venstre-aksen i norsk politikk.

Der venstresida ser fordeling og solidaritet, ser høgresida ei klam hand som hemmar skaparånda.

På toppen blir gamle spenningar mellom Austlandet og Vestlandet sett i sving.

I artikkelen Landskapet under isbreen skildrar Samtiden-skribent Edvard Lysne den politiske kulturen på kysten som prega av «ei sjølvbergingsbasert forretningsånd og ein sterk skepsis til sentralmakt og embetsverk».

Austevoll-fiskar Inge Halstensen gir uttrykk for dette vestnorske sinnelaget i ein mykje delt DN-kronikk der han ironiserer over «Vestlandskolonien på den breie ryggen til hovudstaden».

Med tilvising til handel, olje, fiskeri og oppdrett skriv han at det snarare er Oslo som kviler på ryggen til Vestlandet.

Det verkar som om desse professorane kunne ha godt av å møte verkelege bedrifter litt oftare, seier Tom-Christer Nilsen, som er næringspolitisk sjef i Bergen næringsråd.

Også Høgre og NHO reagerer på «skrivebordsteoriane» om formuesskatten.

Sjølv om ein skulle meine at formuesskatten har positive fordelingssider, er det uforståeleg at NHH-professorane ikkje ser dei svært negative. Eg synest svara deira er bunde opp i teoretiske modellar som næringsdrivande ikkje kjenner seg att i, seier Olve Grotle, som er stortingsrepresentant for Høgre.

MF «Stavanger» og MF «Oppedal» på Lavik-Oppedal

Formuesskatten har fått skulda for at utlendingane no eig aksjar for nesten 2000 milliardar kroner på Oslo Børs.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Svir ekstra hardt i distrikta

Sjølv ikkje professorar frå NHH kan snakke seg bort frå at stadig fleire norskeigde bedrifter hamnar på utanlandske hender, og at straumen av bedriftseigarar ut av landet held fram, seier Roger Hofseth.

Tidlegare i år tok han initiativ til Aksjon for Norsk Eierskap for å styrkje «den vestlandske modellen» der arbeid og kapital går saman i felles lokalpatriotisme.

Ein milliardær på sunnmørskysten er ikkje det same som ein milliardær i Oslo, forklarte han.

Han gjentek appellen om at formuesskatten «svir ekstra hardt i distrikta» fordi skatteverdien av anleggsmiddel «ofte er langt høgare enn marknadsverdien».

Les også Rapport om eigarskapen i Noreg vekkjer uro

Midt-Norsk Havbruk

Ulike rapportar om formuesskatten peikar i fleire retningar, og den som vil finne støtte for sitt syn kan gjere det.

  • Scheel-utvalet konkluderte i 2014 med at formuesskatten – med nokre endringar – bør bestå.
  • Skatteutvalet (2022) konkluderte med at det er «rimeleg å tru at kapitalmarknaden i Noreg er velfungerande. Det betyr at personar og bedrifter venteleg får tilgang til kapital for å gjennomføre lønnsame investeringar».
  • NHHs Consulting-rapporten frå 2021 baserer resultata sine på ei spørjeundersøking blant dei 400 rikaste i Noreg. Basert på dette seier rapporten at det er risiko for at formuande flyttar ut dersom formuesskatten aukar.
  • Kapitaltilgangsutvalet (2017) konkluderte med at formuesskatten bør reduserast.

Medlem av Kapitaltilgangsutvalget, Tellef Thorleifsson, seier formuesskatten svekkjer tilgangen på privat kapital i Noreg.

Forklaringa er at formuesskatten kan gjere det nødvendig for eigarar å ta ut meir i utbytte.

Over tid vil dette tappe verksemdene for likviditet og investeringskapasitet. Dette gir norske eigarar ei ulempe samanlikna med internasjonale investorar.

Les også Fem professorer går ut mot formuesskatt-rapport

NHOs årskonferanse 9. januar 2018.

VuCfur5ZibA

Til liks med eigedomsskatten tek ikkje formuesskatten omsyn til faktiske kontantstraumar eller gevinstar.

Foto: NTB