– Vi må berre innsjå at det er ein del som no sit og ventar og vurderer kva dei skal gjere eller ikkje gjere med garden og produksjonen sin, seier Aasen.
Ein milliard under kravet
Staten tilbyr bøndene ein auke i inntektsramma på 100 millionar kroner og det er dermed eit gap på over ein milliard kroner mellom krav og tilbod.
Tilbodet er basert på at jordbruket skal ha ei inntektsutvikling på linje med andre grupper frå 2005 til 2006. I tilbodet er det lagt vekt på å ikkje auke utgiftene i statsbudsjettet. Inntektsauken skal difor først og fremst takast ut gjennom betre prisar i marknaden.
Færre gardsbruk
Dette fører i så fall til at produksjonen må fordelast på færre gardsbruk. Bøndene avgjer i løpet av kort tid om dei vil gå i forhandlingar med staten eller ikkje. Viss dei gjer det, skal forhandlingane vere ferdige innan fredag 13. mai.
Skuffa over regjeringspartia
Bondelagsleiar Bjarne Undheim har uttalt støtte til regjeringsalternativet med Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet. Og nettopp det at det er stortingsval i år, kan ha verknad for kva løysing bøndene veljer.
Aasen seier han hadde venta meir støtte frå regjeringspartia.