Hopp til innhold

Er redd flaum skal skade sjukeheim og barnehage

Ein ulovleg bygd veg har endra løpet i elva Valldøla i Norddal. Ordførar Arne Sandnes fryktar at det skal bli flaum og gjere store skader på både sjukeheim og barnehage.

Arne Sandnes

Ordførar i Norddal, Arne Sandnes (Sp), har fleire gongar purra på NVE for å få svar på kor utsett elva er for flaum.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Midt gjennom Valldal sentrum renn elva Valldøla. Etter at ein privatperson bygde ein 150 lang meter veg og tre fiskeplassar for funksjonshemma, har elveløpet endra seg. No når hausten er komen og det kan bli mykje nedbør, er ordførar Arne Sandnes bekymra for at innsnevringane på elveløpet kan få store konsekvensar.

– Eg fryktar at barnehagen og eldreinstitusjonar som er plassert på motsett side av elva kan bli truga dersom elva fløymer opp, seier Sandnes.

Veg ved Valldøla

Den omstridde vegen ved Valldøla er plassert utanfor den opphavlege elvebreidda. Målet var å sikre tilkomst for laksefiskarar i rullestol.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Utbygginga var ulovleg

I sommar var ein heil delegasjon frå Fylkesmann og kommune på synfaring ved elva for å sjå på utbygginga. Då fastslo Fylkesmannen at tiltaket i det verna vassdraget var ulovleg, fordi det ikkje var behandla etter plan -og bygningslova. Kommunen fekk også kritikk fordi dei ikkje hadde gripe inn før.

LES OGSÅ:

Purrar på svar

Norddal kommune har bede NVE kartlegge flaumfaren, men etter mange purringar har dei framleis ikkje fått svar.

– Vi vil ha ein rapport som vurderer om dette er eit risikoobjekt i forhold til ekstremvêr, seier Sandnes.

Han føler at NVE ikkje tar saka på alvor, sidan det tar så lang tid å få svar.

Distriktsingeniør Ivar Fivelstad i NVE beklagar, og reknar med å kunne svare i neste veke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL