Hopp til innhold

Fryktar avlyste gudstenester

Biskop Ingeborg Midttømme seier mange kyrkjelydar kan verte utan gudsteneste i sommar.

Biskop Ingeborg Midttømme
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Pengemangelen i Møre bispedømme gjer at dei ikkje klarer å rekruttere nye prestar eller hente inn vikarar.

Biskopen jobbar for å få meir pengar frå departementet, for å lette på situasjonen for dei noverande prestane.

- Veldig anstrengt

Midttømme karakteriserer situasjonen i Møre bispedømme som vanskelig.

- Den er veldig anstrengt. Ved starten av dette året måtte vi redusere lønsutgiftene med 4 millionar, og det betyr at vi må sette ein 8-9 prestestillingar ledige gjennom året. Det rammer mange menigheiter, og det er ingen god situasjon seier biskop Ingeborg Midttømme.

- Bispedømmerådet har sagt at vi må ansette dei prestane vi kan klare å få i denne situasjonen, samstundes som det vi veit vi brukar for mykje, det vil vi få i redusert tildeling til neste år, og det er ei skikkleg nøtt for bispedømmerådet, seier biskopen

Kva fører prestemangelen til for dei prestane som no er i jobb?

- Det fører til ei enorm belastning for dei, når dei gjennom mai måtte avvikla mange konfirmasjonar og har stått på gjennom høgtid og fest, så må dei også innimellom møte menneske i sorg, hatt gravferder, og no skal dei ha ferie, då reduserast no bemanninga til det halve av det vi no har hatt, og det er ein dramatisk situasjon enkelte stader i bispedømet vårt, seier biskop Ingeborg Midttømme.

Møte med statsråden

Biskopane har ekstraordinært bispemøte 22.-25.juni, då skal biskopane også møte kirkestatsråden for å ta opp situasjonen med han. Det ble gjort med den politiske leiinga i departementet før påske, og i revidert nasjonalbudsjett, og då kom det ei ekstraløyving på 2 millionar kroner.

- Det er småpengar, men det er i alle fall eit signal om at dei prøver å gjere noko og vi treng signal om at dei vil gjere meir. Aller helst så håper vi biskopane at dersom vi no brukar meir enn det vi har anledning til i 2009, at det vil rettast i 2010, altså at vi får ei påplussing då, seier biskopen.