Hopp til innhold

Fryktar at spelarane forsvinn

Molde sin suksess i år gjer at fleire av spelarane kan vere aktuell for utanlandske klubbar neste år. Trenar Tor Ole Skullerud fryktar at han kan miste spelarar.

Molde

I går og i natt var det storstilt feiring av cupgullet. Suksessen kan bety at andre klubbar får augene opp for Moldespelarane.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Tor Ole Skullerud

Tor Ole Skullerud veit at han kan kome til å miste spelarar føre den komande sesongen.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Molde er både årets seriemeister og cupmeister. I natt vart heltane hylla av folket i Molde. Suksessen gjer spelarane ettertrakta og trenar Skullerud trur at spelarar kan forsvinne frå laget føre den komande sesongen.

– Det er slik å få suksess i ein mindre nasjon og i ein klubb som lever av å selje fotballspelarar, seier Skullerud.

Han vil ikkje uroe seg for dette akkurat no, men dersom det kjem tunge, store bod veit han at riskoen for å miste spelarar er der.

Rykte om England

Molde-spelar Ørjan Nyland blir av fleire engelske medier knytt til Manchester United. Romsdals Budstikke skriv at fleire engelske aviser melder at Anders Lindegaard skal vere på veg til Molde i bytte mot Nyland. Nyland seier til avisa at det er smigrande om det er sant.

Treng tid til å fordøye

Molde har tre seriemeisterskap og to noregsmeisterskap på fire år. Skullerud seier at han treng tid til å sortere det han har vore med på i 2014.

– Det er stort og rart. Sesongen har vore eit eventyr, seier Skullerud

Se den ville Molde-festen HER
- Vi skal sørge for at moldenserne ikke kommer seg på jobb i morgen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL