Fryktar 130 000 på Romsdalseggen

Organisasjonen Norsk Friluftsliv fryktar at det kan kome 130 000 norske turistar til Romsdaleggen i år. Generalsekretær Lasse Heimdal seier det vil medføre forsøpling, slitasje og kø-gåing. Han baserer talet på ei undersøking som er gjort av Ipsos blant nordmenn over 18 år. NRK skreiv i går om turekspertar som fryktar stor slitasje i fjellet fordi alle skal feriere heime i sommar.

Tur over Romsdalseggen
Foto: Synnøve Hole / NRK