Frifunnen i lagmannsretten

Reiarlaget Nordnes AS opplyser at dei har blitt frifunnen i lagmannsretten for brot på skipssikkerheitslova etter ei dødsulykke om bord i skipet «Nordstar» i juni 2018. Reiarlaget fekk ei bot etter ulykka, men nekta å godta den. Dermed hamna saka i tingretten i januar i år, der bota blei redusert. No har dommen ifølge selskapet blitt behandla av lagmannsretten.