Hopp til innhold

1000 utan straum onsdag kveld

Kring tusen personar er per no utan straum i Møre og Romsdal, dei fleste av dei på Søre Sunnmøre. I løpet av fredag vil alle få straumen tilbake.

Trevelt Hatlane

Mykje skog må ryddast for at alle skal få straumen tilbake.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

Les også:

I løpet av onsdagskvelden blir talet på straumlause i Møre og Romsdal redusert til kring tusen personar.

Dei som må vente på til i morgon eller fredag er kundane til Tussa Nett, Istad Nett og Stranda Energi. Hardast råka er utkantane av Ørsta og Volda, og Vanylven, opplyser Svein Rødal, beredskapsansvarleg for kraftforsyninga i Møre og Romsdal.

Har god framdrift

Svein Rødal i Istad Nett

Beredskapsansvarleg for kraftforsyninga i Møre og Romsdal, Svein Rødal melder om god framdrift i oppryddingsarbeidet.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK Møre og Romsdal

Tussa Nett melde tidlegare i dag at dei var usikre på om alle kom til å få straumen tilbake denne veka. Men dei har no så god kontroll at alle skal få tilbake straumen i løpet fredag.

Med innleigd hjelp og ein stor stab frå Heimevernet har selskapet fått betre framdrift i arbeidet, fortel Svein Rødal, beredskapsansvarleg for kraftforsyninga i fylket.

– Dagen i dag har gått betre enn forventa. Det har nok samanheng med at ryddemannskapet har blitt meir drilla og at ein har betre oversikt over kven som mangla straum. Ein har jobba meir systematisk, seier Rødal til NRK.

– I Sogn og Fjordane mista ein mann livet i ryddearbeidet i dag, har nokon blitt skada her i fylket?

– Det er ikkje meldt om personskadar på vårt mannskap. Det er tøffe forhold dei jobbar under, så det er gjort ein imponerande jobb av selskapa sine tilsett, innleigde folk og Heimevernet.

Onsdag skal alle kundane til Rauma Energi, Ørskog Energi, Sandøy Energi, Nordvestnett, NEAS og Tafjord Kraftnett ha fått att straumen.

Les også:

Har berre ete skiver og småkaker

På Sandsøya i Sande fekk dei fleste att straumen på tysdag. Då hadde det vore mørkt sidan kvelden første juledag.

Men, Oddrunn Vorren var framleis utan straum onsdag ettermiddag.

– Det har ikkje vore så greitt, men me har no komme oss gjennom det. Me har heldigvis ein god fyringsomn, seier Vorren.

Som om ikkje straummangelen var nok fekk ho tysdag beskjed om at dei måtte koke drikkevatnet. På grunn av straumbrotet blei ikkje vatnet filtrert skikkeleg.

– Me kunne jo ikkje koke, for me hadde ikkje straum, seier Vorren.

Løysing blei å gå til naboen for å koke vatnet.

Kva løysingar har de måtte ty til sidan første juledag?

Det har vore å ete brødmat, julekaker og lefser da. Me har ikkje fått kokt oss middag.

Så noko varmmat har det ikkje blitt?

– Nei da, det har ikkje blitt noko varmmat.

– Kva synst du om at det har teke så lang tid før de får att straumen?

– Me var heilt sikre på at me fekk han tilbake i går da ... Nei, no kom akkurat straumen, du, seier ei letta Oddrunn Vorren.

Ho har budd på Sandsøya sidan 60-talet og har aldri venta så lenge på straumen før. No ventar ein varm dusj og mat.

Skader for 360 millionar kroner
Tonje Westby

6000 skademeldingar har komme inn så langt, fortel kommunikasjonssjef i FNO, Tonje Westby.

Foto: FNO

Til no har det komme inn over 6.000 skademeldingar etter uvêret «Dagmar». Skadane er på over 360 millionar kroner.

– Talet på skademeldingar var litt mindre onsdag enn dagen før, men framleis er det stor pågang, seier kommunikasjonssjef Tonje Westby i Finansnæringens Fellesorganisasjon (FNO) til NTB.

Dagmar har herja mest i Møre og Romsdal, etterfølgt av Sogn og Fjordane og kysten i Trøndelag.

– Det er i dei fylka dei fleste skademeldingane kjem frå, seier Westby.

FNO har rekna ein gjennomsnittsverdi på 60.000 kroner per skademelding. Det er framleis for tidleg å vurdere kor mykje dei samla skadane etter uvêret vil bli på. Det er venta at talet på skader vil stige dei næraste dagane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL