Aalesunds Fotballklubb går for same oppskrift som sist, men lovar at folkefesten skal verte endå betre enn under cupfinalehelga i 2009.
LOVAR FEST: Øyvind Vebenstad vil toppe cupfesten frå 2009 når supporterane inntek hovudstaden.
Foto: Arild Pettersen / NRK– Eit eventyr
Turen til Ullevaal for to år sidan vart ein einaste opptur for fotballklubben. No vil dei ha reprise av fotballfesten.
– Det er eit eventyr. Det er eit historisk augeblikk, som sit langt inn i den oransje hjerterota. Ein suksess frå A til Å, seier arrangementsansvarleg i AaFK Øyvind Vebenstad.
«LILLE SUNNMØRE»: Slik ser AaFK for seg at Rådhusplassen i Oslo vert forvandla til ein liten bit av Sunnmøre.
Foto: Mike Crane PhotographyAaFK lovar no ein folkefest som skal overgå suksessen frå 2009. Så mange som 15.000 sunnmøringar er vent til hovudstaden under cupfinalehelga 4.–6. november.
– Det skal vere så mykje folk at me kan rope «Neil Armstrong can you see us from the moon, liksom», fortel Vebenstad oppglødd.
FESTPLASSEN: Det er lagt opp til fest på Rådhusplassen når AaFK kjem til hovudstaden.
Foto: Illustrasjon AaFK«Lille Sunnmøre»
Rådhusplassen blir samlingspunktet for supporterane og der vil det bli fullt program gjennom heile helga.
– Me skal etablera «Lille Sunnmøre» i Oslo denne helga, det skal vere eit arrangement for sunnmøringar, av sunnmøringar og med sunnmøringar, seier Vebenstad.
NY KOLLEKSJON: Nytt år, ny cupfinale og kleda er på plass.
Foto: Arild Pettersen / NRKLokale heltar skal opptre
Nok ein gang er det Terje Sporsheim og Arild Riise som skal leie cupfinalefesten. Og lokale heltar som Robert Post, Vassendgutane og Kjetil Rekdal skal opptre. Øyvind Vebenstad lovar t det vert god stemning.
– Her blir det hæla i taket og full pakke.
Med programmet klart og ny cupfinalekolleksjon, står det berre att for AaFK å ta gullet heim.