Lars Ivar Moldskred jobbar i familiebedrifta mens han ser etter ny keeper-jobb
Foto: Arne Flatin / NRKLars Ivar Moldskred leitar etter arbeid - helst i ein norsk eliteserieklubb. Medan agentane gjer grovarbeidet er Moldskred i full gang i familiebedrifta heime i Tjørvåg. Og framtidsutsiktene er ikkje gode seier 31-åringen.
- Det ser veldig mørkt ut fordi økonomien i norsk toppfotball opererer med blodraude tal og kutt i alle retningar.
Moldskred er langt frå åleine som Bosman-spelarar og spelarorganisasjonen NISO skal 14.januar arrangere ei turnering for desse spelarane i Valhall i Oslo der dei skal få vise seg fram.
Moldskred har hatt ein del tøffe kampar i karrieren og som keeper er det ekstra vanskeleg å skaffe seg ny kontrakt.
- Det er ikkje så mange plassar det er snakk om og dei fleste klubbane har kontraktar med sine keeperar.
Frode Gjerde har tru på at kompisen får ny keeperjobb
Foto: Arne Flatin / NRKKarrieren starta på idrettsplassen heime i Tjørvåg. Treningskamerat Frode Gjerde trur at det kan verte ei opning for kompisen i overgangsvindauget i januar.
- Det som er vansken i toppidretten er at utøvarane blir behandla litt inn og ut, så det vi veit i dag kan vere heilt annerleis den 1. januar. Så vi har ikkje gitt opp håpet.