Forventar at utbygginga blir stoppa

Frp-toppane Sylvi Listhaug og Frank Sve har gått klart ut og sagt nei til vindkraftutbygging på Haramsfjellet. I dag kjem olje- og energiminister Kjell Børge Freiberg frå Framstegspartiet til Haramsøya. Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter (Sp) forventar at statsråden stoppar utbygginga. – Det blei gitt klare signal i valkampen om at statsråden kunne stoppe dette om han ønskjer. Det er veldig positivt at han kjem og høyrer på folket. Og då har eg ei forventningar at han følgjer det opp, seier Krogsæter.

Vebjørn Krogsæter
Foto: Øyvind Sandnes / NRK