Hopp til innhold

Forunderleg krabbe

- I dag fekk eg ein krabbe eg aldri har sett før i krabbeteina, skriv Knut Werkland frå Kvamsøya. Ja, kva slags skapning er dette?

Fløyelskrabbe

Fløyelskrabbe

Foto: Knut Werkland

Knut Werkland lurer sjølvsagt på om Naturtelefonens Jan Einarsen veit kva slags krabbe dette er. Og Einarsen har svar:

Fløyelskrabbe

Dette er ein fløyelskrabbe (necora puber). Namnet har han fått fordi han er dekt av mjuke hår. Han blir 8-10 cm i tverrmål og er den største av symjekrabbane i våre farvatn.

Fløyelskrabben lever ned til 70 meters djup. Han er sjeldan i Noreg, men er funnen i Rogaland, Sogn, på Mørekysten og i Lofoten. Områda hans er nordvestkysten av Afrika, havet omkring Færøyane, Middelhavet og Svartehavet.

 

Fløyelskrabbe
Foto: Knut Werkland

Aggressiv

Denne vesle tassen er svært aggressiv, og går gjerne til åtak på ein dykkar dersom han kjenner seg trua.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL