Hopp til innhold

Ber foreldre ikkje bekymre seg: – Barna lærer like godt å skrive når dei brukar nettbrett

Ein studie viser at resultatet blir det same om elevane startar å skrive for hand, eller med digitale verktøy. Men ein ting ser ut til å endre seg.

Viktor Krumsvik Skeide løser en oppgave på ipaden. Han ser konsentrert ut og har på seg et headset. Han har grå genser og lyst, kortklippet hår.

SKRIVETRENING: Victor Krumsvik Skeide føretrekkjer å skrive på iPaden. Ved hjelp av ein app kan han få lest opp teksten han har skrive.

Foto: Jonas Otneim / NRK

SKRIVETRENING: Victor Krumsvik Skeide føretrekkjer å skrive på iPaden. Ved hjelp av ein app kan han få lest opp teksten han har skrive.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Øyra skule i Volda hugsar 4.-klassingane godt korleis det var å lære seg å skrive. Dei fekk bruke iPaden meir enn blyanten den første tida.

Eg visste ikkje korleis det var å skrive, eg hadde aldri gjort det før. Eg starta med å bruke nettbrett, og då var det enkelt, fortel Victor Krumsvik Skeide.

I starten synest eg det var lettare å bruke nettbrett enn å skrive for hand, for då kunne eg ikkje bokstavane helt, seier Lilly Hjelme Husøy.

No, etter snart fire år på skulen, meiner dei at det har fått dreisen på skrivinga, både med og utan digitale verktøy.

Begge deler er ganske greitt, seier Victor.

Astrid Johanne Drabløs, Viktor Krumsvik Skeide og Lilly Hjelme Husøy holder på med skolearbeid. De ser ned i notatene sine. Jentene bruker blyant, men Victor skriver på ipad.

Om elevar som akkurat har starta med skriving skal produsere tekstar som skal formidle eit bodskap og vere leseleg for andre, kan nettbrett eigne seg godt.

Foto: Jonas Otneim / NRK

– Dei fleste lærer uansett

Ei gruppe forskarar har undersøkt korleis bruken av nettbrett og ulike skriveverktøy påverkar elevane si handskrift og skriveutvikling dei to første åra på skulen.

– Det er ikkje er nokon vesentleg forskjell i tekstkvalitet om elevane startar å skrive for hand, eller med digitale verktøy. Dei fleste vil lære å skrive for hand etter andre klasse uansett, seier Wenke Mork Rogne, professor ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.

4. klasse på Øyra Skule i Volda er samlet i klasserommet. De sitter ved lange bord. De holder bøker og ipader opp i lufta, og er trolig i gang med en avstemming. De fleste smiler og ser mot kamera. På veggene er det fargerik dekor.

4.-klassingane ved Øyra skule har hatt eigne nettbrett sidan første klasse. Nokon av dei føretrekkjer iPad, mens andre likar best å skrive for hand.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Læraren avgjer

I nokre klassar hadde alle elevane eigne nettbrett, medan andre klassar hadde meir avgrensa tilgang og elevane skreiv med blyant og papir. Dei fann svært liten forskjell i desse to gruppene

– Derimot fann vi at rolla til læraren i klasserommet var desto viktigare. Korleis læraren legg til rette for skriving er viktigare enn kva skrivereiskapar elevane bruker.

Ber foreldre ikkje bekymre seg

I det siste har debatten om kor mykje skjermen skal brukast på skulen, blussa opp igjen. Facebookgruppa «Opprop for mindre skjermbruk på barneskolen» har sidan nyttår fått over 13 000 medlemmer.

Mork Rogne meiner at foreldre ikkje skal vere bekymra for at nettbretta blir brukte i byrjaropplæringa.

– Det vi ser frå slutten av andreklasse er at elevane, enten dei har brukt nettbrett eller ikkje, vil lære seg bokstavane. Men det kjem også an på om lærarane legg opp til varierte arbeidsmetodar og skriveverktøy.

Lærar Aud Selma Husøy gir en beskjed. Ved siden av henne ser man tre elever som holder på med en oppgave på ipad. Husøy har briller, mørkt hår og er kledd i en bluse og lang strikkejakke.

Lærar Aud Selma Husøy legg opp til at elevane både skal skrive for hand og bruke fleire skrive-appar på nettbretta. – Kor klare ungane er for skriving når dei er seks år, er ulikt. Nettbrett kan gje ulike innfallsviklar, og det er positivt.

Foto: Jonas Otneim / NRK

– Ei god handskrift er ikkje finskrift

Forskarane såg ikkje noko særleg forskjell på handskrifta til elevar som skriv mest for hand, samanlikna med dei heildigitale elevane. Men korleis skrifta ser ut, er ikkje rekna som så viktig.

– Ei god handskrift er ikkje finskrift, slik mange trur. God handskrift er funksjonell, og leseleg for andre personar enn ein sjølv, seier Mork Rogne.

Kor fin skrifta er, opptar likevel 4.-klassingane på Øyra skule.

– Eg er ikkje verdsmeister i handskrift, men den er sånn passe, seier Victor.

– Eg meiner handskrifta mi er perfekt fordi den er enkel å lese, seier Astrid Johanne Drabløs.

Astrid Johanne Drabløs er konsentrert om skriveoppgaven. Hun holder en blyant i hånden og støtter hodet i hånden. Hun har lyst, langt hår og grå jakke.

Forskinga viser at elevar som skriv mykje for hand, blir flinkare til å forme bokstavar og få bokstavane rett veg når dei skriv på papir. Astrid Johanne Drabløs føretrekkjer blyant fordi hun synes det går treigare å bruke nettbrett. – Då må eg sjå etter knappane.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Forskinga viser at elevar som skriv mykje for hand, blir flinkare til å forme bokstavar og få bokstavane rett veg når dei skriv på papir. Astrid Johanne Drabløs føretrekkjer blyant fordi hun synes det går treigare å bruke nettbrett. – Då må eg sjå etter knappane.

Foto: Jonas Otneim / NRK

Føretrekkjer digitale verktøy

Skrivekondisen for hand ser ut til å vere i endring, viser forskinga. Det kan sjå ut som elevane føretrekkjer å bruke digitale verktøy til større oppgåver.

– Nokre av elevane seier at dei får vondt i handa når dei skriv langt. Vi trur det kan vere mindre motiverande for elevar å skrive for hand når dei vanlegvis skriv mykje digitalt, seier Mork Rogne som understrekar at dei ikkje kan seie noko om langtidseffektane.

Victor er ein av dei som liker iPad best, men han får ikkje støtte frå klassevenninnene.

– Eg liker best å skrive for hand og blir ikkje sliten. Eg blir meir sliten av å sjå på ein skjerm, seier Astrid Johanne.

Eg liker begge deler ganske godt, men eg trur det er meir lærerikt å skrive for hand, seier Lilly.

Les også Mye skjermtid gjør at flere barn oppsøker øyelege: – Skolen må bruke mindre skjerm

Jo Bolstad