Forsking kan bli jokeren for maritim næring

Det kan bli permitteringar og tøffare tider i den maritime bransjen. Næringsministeren seier forsking kan bli heilt avgjerande for at industrien skal overleve.

Det kan bli permitteringar og tøffare tider i den maritime bransjen. Næringsministeren seier forsking kan bli heilt avgjerande for at industrien skal overleve

På teiknebretta hos Vard Design i Ålesund blir offshore- og spesialiserte fartøy til. Dei er ein av dei store globale formgivarane og skipsbyggarane. Foto: Remi Sagen/NRK

Det går mot tøffare tider i dei maritime næringane. Mykje tyder på at det kan bli permitteringar og tøffe omstillingar. Mørekonferansen samla mange flinke hovud i Ålesund i dag. Desse er grunnlaget for at den maritime nærings skal overleve.

Må henge med

Under konferansen blei stoda for den maritime bransjen drøfta grundig.

Sivert Skårn

Sivert Skårn er senioringeniør i Vard Design.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Dette er dei argaste båtane i verda, seier Sivert Skårn, senioringeniør i Vard Design. Han viser stolt fram teikningar av nye skip som har teke form på datamaskiner og teiknebrett.

Men no går det mot vanskelegare tider. Og den internasjonale konkurransen er knallhard.

– Viss vi ikkje blir flinkare på alt, blir vi akterutseglt. Vi vil misse den unike posisjonen vi har i dag, seier Arnfinn Ingjerd, dagleg leiar Maritimt Forum Nordvest.

For lite forsking

Monica Mæland

Næringsminister Monica Mæland (H) vil ha meir forsking og innovasjon i bedriftene i den maritime industrien.

Foto: Remi Sagen / NRK

Næringsminister Monica Mæland (H) deltok på Mørekonferansen. Ho meiner det er for lite maritim forsking i Møre og Romsdal,

– Sjølv om Møre og Romsdal er veldig innovativ er det for lite forsking og utvikling i bedriftene. Er det noko vi er nøydd til å vere flinkare til, er det å forske og utvikle oss, sa Mæland.

Ny kunnskap må til

Også aktørane i bransjen meiner at ny kunnskap og nye idear må til.

Kjell Urke

Kjell Urke i Vard Design forventar at den maritime næringa no får naudsynt støtte frå politisk hald slik at næringa kan vere med på nyskaping og innovasjon for framtida.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi er i verdstoppen i dag, men dersom vi sov på post misser vi posisjonen. Forsking er stikkordet for vidare utvikling, seier Arnfinn Ingjerd.

Hos dei kreative og skapande innan skipsbyggingsindustrien får signala frå næringsministeren ei god mottaking.

Kjell Urke som er avdelingsleiar i Vard Design forventar at næringa no skal få god støtte frå sentralt hald for det dei ønskjer og har vilje til å skape.

– Vi forventar at næringsministeren støttar alle maritime bedriftene vi har på Sunnmøre. Vi må samarbeide om å ta fram det morgondagen vil krevje av ny teknologi, seier Urke.