Hopp til innhold

Får ikkje treffe kalven etter fødsel - her får morshjartet bløme

Dei fleste norske bønder skil kalven frå kua like etter fødsel. Eit nytt norsk forskingsprosjekt opnar for at fleire kan gå bort frå denne praksisen.

Ku og kalv saman på beite

IDYLL: Kalv og ku på beite saman på fjellet. Det vanlege er at dei ikkje får ha kontakt mens kalven veks til.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

På dei store grasengene oppe på ei seter, ved dørstokken til Trollheimen, beiter ei gruppe kyr med kalvane sine. Det ser idyllisk og vakkert ut, men er faktisk eit uvanleg syn på norske gardsbruk.

Dei fleste mjølkebøndene tar nemleg kalven frå mora etter berre nokre timar, ein praksis det stadig blir stilt fleire spørsmålsteikn ved. No skal eit større norsk forskingsprosjekt sjå nærare på kva som skjer.

På setra prøver forskarane å la ti kalvar gå med kua i seks veker og får mjølk. Samtidig har dei like mange som blir skilde kort tid etter fødsel.

– Vi veit at det gir mykje meir tilvekst og er betre for kalven, og vi trur det er betre for mora, seier Kristin Sørheim i Norsøk.

Kristin Sørheim sjekkar kalv

Kristin Sørheim tar helsesjekk på ein kalv som går utan mora.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Større fokus på dyrevelferd

Ho seier det har vore mykje kritikk mot praksisen, både her og i andre land.

– Undersøkingar frå andre land viser at forbrukarane vil at dei skal vere meir saman, og fleire bønder prøver dette meir, seier Rosann Johansen, som jobbar med prosjektet som doktorgradsstipendiat.

Det er mange praktiske utfordringar for bonden som gjer at det at det ikkje er så lett å la ku og kalv vere saman. Forsakarane prøver derfor å teste ut gode løysingar, for lausdrift i fjøs og seterbeite.

Kalver og ku på seterbeite.

Kalvar og kumor på beite saman.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ubehageleg å skilje dei

Regjeringa varsla nyleg ein ny stortingsmelding om dyrevelferd. I tillegg jobbar Mattilsynet med ei ny forskrift for hald av storfe, småfe og svin.

Mjølkebonde Cecilie Sørli i Valdres synest sjølv det er opprivande, men nødvendig å skilje kua og kalven. Den nyfødde kalven protesterer ikkje, men det er kua ho synest synd på.

– Kua vil bort til den, ser etter den og kan raute i fleire dagar. Det er vondt å høyre på, og eg kjenner det er feil inst inne, seier Sørli.

Mjølkebonde Cecilie Nottem i Nord-Aurdal.

Mjølkebonde Cecilie Sørli Nord-Aurdal trur dyra hennar har eit akseptabelt liv, men opplever dei første dagane etter åtskilling som vanskeleg for kua.

Foto: Privat

For ti år sidan prøvde dei sjølv å ha kalven laus i fjøset med mora, men ho har båsdrift og måtte gå fort ifrå det.

– Eg var redd for at klovene til kalven skulle setje seg fast i ristene dei går på, og at dei kunne bli sparka av andre kyr. Det fungerte ikkje hos oss og eg ga det opp, seier ho.

Det kan vere dyrt for bønder å bygge om fjøsene slik at det er praktisk mogleg. I tillegg kan det vere mindre mjølk å sende til meieriet når kalven drikk av jura.

Framleis ein veg å gå

Det er dyra til Julie Weyde som er med på den delen av forskinga som foregår til seters. Dei har vore interessert i å prøve å ha dei saman, og synest dette er viktig å undersøke.

– Inntrykket vårt er at ein må få til dette på ein god måte, elles er det faktisk best å skilje dei veldig tidleg. Det blir ein stor belastning for dei å bli separert når dei har knytt så tette band over tid, seier Weyde.

Bondefamilie i Rennebu. Julie Weyde til venstre.

Julie og Christopher Weyde driv ein gard i Rennebu. Kyrne deira på setra Bløtslette er med i forskingsprosjektet.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ho meiner likevel det er god dyrevelferd i måten dei har gjort det på tidlegare også, og at jo tidlegare dyra blir skilde, jo mindre merker dei.

Førebels slit dei blant anna med at kyrne med kalv «skrur igjen krana» når dei skal i mjølkestallen, så ikkje all mjølka kjem ut. Dei er spent på korleis dette blir når kalven snart skal bort frå kua.

– Får ein løyst desse utfordringane, trur eg det er god framtid i å ha dyra saman, seier Weyde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL