NRK Meny
Normal

Forseinka jordbærsesong

Snø og framleis nattefrost i mai har forseinka jordbærdyrkarane i Valldal.

Video Forseinka jordbærsesong

Ein varm vår er avgjerande for gode avlingar. Kulde og sein vår forseinkar jordbærdyrkarane - snøen ligg enno i jordbærbygda Valldal.

Jan Ole Fuglem

Jan Ole Fuglem

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Det er lite som minner om vår i jordbæråkeren til Jan Ole Fuglem i Valldal. Fuglem starta som jordbærdyrkar i fjor. Planen er å levere 40 tonn bær denne sessongen. Men trass kulda er han framleis roleg.

- Om utviklinga står i stampe i 2-3 veker no er slikt som vi må rekne med, seier han.

Jordbærbygda Valldal står for halvparten av dei norskproduserte jordbæra som går til matvareindustrien her i landet. I tillegg leverer dei det meste av færske bær som går til forbrukararar på Nordvestlandet. I år kjem alt seinare enn normalt og det fører til ei hektisk våronn.

Lam på sau

Også sauene er utolmodige og vil ut i våren.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Også sauene ventar på våren. I tillegg til jordbærproduksjonen har Fuglem 130 sauer lenger oppe i dalen. Kulda gjer at dei i år må vente ekstra lenge før dei får sleppe ut på vårbeite.