Hopp til innhold

Førebur seg på svineinfluensa

Hos grossist-giganten H. I. Giørtz har dei budd seg på at opp mot 40 prosent av arbeidsstokken kan bli sengeliggande.

H. I. Giørtz

Fra H. I. Giørtz

Foto: Bernt Baltzersen

Torsdag fekk bedrifta levert handsprit som skal gi dei tilsette på grossistlageret endå betre handhygiene.

Har planane klare

2500 pallar går ut til butikkar og forbrukarar kvar veke. H. I. Giørtz leverer halvparten av alle daglegvarene til heile Sunnmøre. Tempoet er høgt, og det gjeld å halde seg frisk. Bedrifta har klare planar, og meiner det er viktig å vere føre var.

- Vi er ein stor aktør i matvarebransjen og vi meiner det er viktig å halde fokus på det å levere gode, skikkelige varer, seier sjåfør ved bedrifta Audun Midtgård.

Mogleg med forsinkingar

Vebjørn Aannø, Driftssjef H.I. Giørtz Sønner AS

Driftssjef ved H.I. Giørtz Sønner AS, Vebjørn Aannø.

Foto: Bernt Baltzersen

Driftssjef ved H. I. Giørtz Vebjørn Aannø trur ikkje at bedrifta vil kome til å stoppe opp på grunn av svineinfluensa.

Men dersom mange blir fråverande på grunn av sjukdommen ser han ikkje bort frå at det kan bli enkelte forseinkingar.

Han fortel også at han er spent på kva ferien kan gjere med arbeidarane.

- Siste pulje er ute i ferie og kjem tilbake i august, og det er klart det er ein liten nerve for kva dei bringe med seg, seier Aannø.