Førebudd på tøff kamp

Per Vidar Kjølmoen som blir Arbeidarpartiet sitt fremste kort i stortingsvalet i Møre og Romsdal i 2021, er førebudd på ein tøff kamp om veljarane. Målet er å halde to mandat i Møre og Romsdal og få til eit regjeringsskifte etter valet, seier Kjølmoen. Han trur arbeidsplassar og økonomiske utfordringar i næringslivet blir ein viktig sak. Kjølmoen som er frå Rauma blei Arbeidarpartiet sin førstekandidat etter kampvotering mot Siv Kathrin Ulla frå Ålesund laurdag.

Per Vidar Kjømoen (Arbeiderpartiet)
Foto: Møre og Romsdal Arbeidarparti