Hopp til innhold

Thea (16) er redd 3. verdskrig står for døra

Opptrappinga av krigen i Ukraina gjer mange redde for kva som no kan skje. Psykolog ber folk om å skjerme seg mot nyheitene.

Thea Stensønes

Thea Stensønes seier ho er redd for at det skal bli krig i Noreg også.

Foto: Remi Sagen / NRK

Grønkledde Heimevern-soldatar med gevær står vakt rundt ei rekkje landanlegg. Forsvarets jagarfly patruljerer norskekysten. Nyleg sa forsvarsekspertar at norsk gassforsyning truleg er det største sabotasjemålet i Noreg.

Krigen i Ukraina pregar nyheitene, og mange er urolege for kva som kjem til å skje.

Thea Stensønes (16) er ei av dei. Ho seier det er tungt.

– Du blir ekstremt redd for at det skal komme til Noreg, og at du må oppleve og sjå mykje død og at landet ditt blir øydelagt, seier 16-åringen.

Ho går 1. året på Ålesund videregående skole og seier krigen er samtaleemne blant dei unge.

– Får du sove?

– Ja, eg får sove, men eg er ukomfortabel, du tenkjer jo på det av og til når du skal legge seg, seier ho.

  • Tysdag kveld er frykta for krig og atomvåpen tema i NRK-programmet Debatten klokka 21.20. Er beredskapen til Noreg god nok? Bli med i diskusjonen på nrk.no/fredriksolvang
Thea Stensønes

Thea Stensønes seier nyheiter om krigen i Ukraina er skremmande. Ho snakkar med far sin, dersom ho blir uroleg.

Foto: Remi Sagen / NRK

Trur det er verre for dei som slit frå før

Ei undersøking som blei publisert i sommar viser at depresjon og angst blant unge i Noreg har dobla seg dei siste ti åra. Dei unge jentene slit mest, og nesten halvparten av tenåringsjenter i Noreg seier dei er stressa og har tunge tankar.

Førebels veit ingen sikkert korleis krigen i Europa påverkar dei unge.

2.-årselev Sunniva Botn Kjølstad (17) på Ålesund videregående trur dei som slit psykisk har det endå verre no.

– Sjølvsagt, det å ha ein frykt for det som skjer i livet samtidig som ein har det tøft sjølv kan gjere folk mindre stabile, seier ho.

Sunniva Botn Kjølstad

Sunniva Botn Kjølstad trur ikkje dystre nyheiter om krigen gjer godt for folk som slit frå før.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ber folk om å skjerme seg

Psykolog Geir Fjelnset seier han møter mange, både på jobb og privat, som er urolege for krigen. Han rår folk til å skjerme seg.

Sjølv les han berre avisa Sunnmørsposten og seier han unngår nyheiter om Ukraina og Russland.

– Eg er ikkje interessert i å gå rundt med den stimulusen i hovudet. Eg gidd ikkje å bli skremt eller tenkje på ting som er heilt meiningslaust, som eg ikkje kan gjere noko med, seier psykologen.

Han tipsar andre som er bekymra om å fokusere på andre ting.

Geir Fjelnset

Psykolog Geir Fjelnset meiner det er viktig å skjerme seg frå nyheiter om Ukraina.

Foto: Remi Sagen / NRK

Blitt vande med krigen

Emma Brørs (17) ser Dagsrevyen saman med mor si kvar kveld. Ho seier ho ikkje lenger klarer å ta innover seg det ho ser og høyrer og at ho ikkje lenger er like redd.

– Det var mykje verre før då det var ei ny greie og mykje usikkerheit. No har vi blitt så vande med det, det er nesten litt dumt å seie. Samtidig er det litt merkeleg at ein skal frykte tredje verdskrig, seier Brørs.

– Kva tenkjer du om at du har blitt vant med ein krig?

Det er kjemperart.

Emma Brørs

Emma Brørs ser Dagsrevyen med mor si for å halde seg oppdatert. Ho klarer ikkje alltid å ta inn over seg det ho ser.

Foto: Remi Sagen / NRK

Håper på fred i Ukraina

Neste veke blir verdsdagen for psykisk helse arrangert over heile verda.

Jentene på Ålesund videregående skole er med i elevrådet, og har som mål å gje skulekompisane eit pusterom frå krig og elende. Det vil dei gjere ved å sette på roleg musikk og servere saft og kakao på eitt av klasseromma på skulen.

Thea Stensønes håper det snart blir fred i Ukraina.

– Eg synest dei skal slutte. Stakkars Ukraina. Det er unødvendig å starte krigar no, vi er ferdige med sånt. Eg skjønar ikkje kvifor vi har krig, seier ho oppgitt.

Les også Forsvaret bidrar med informasjon til politiet: Overvåker med F-35

F-35 ved Ørland flystasjon, og to piloter på vei til oppdrag

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL