Hopp til innhold

– Norsk gass sannsynlegvis det største sabotasjemålet i heile Europa akkurat no

Forskar ved Forsvarets høgskule, Geir Hågen Karlsen, seier det vil vera ei svært alvorleg opptrapping av konflikten dersom det skulle koma eit angrep på norsk sokkel. – Regjeringa tar dette på største alvor, seier justisminister Mehl.

Geir Hågen Karlsen i NRK Debatten 27. sept. 2022

Oberstløytnant og forskar ved Forsvarets høgskule Geir Hågen Karlsen trur norsk gassforsyning sannsynlegvis er det mest strategiske sabotasjemålet i heile Europa.

Foto: NRK

– Me har ein storkrig i Europa akkurat no. Norsk gassforsyning er sannsynlegvis det største og mest strategisk viktige sabotasjemålet i heile Europa akkurat no, seier oberstløytnant og forskar ved Forsvarets høgskule, Geir Hågen Karlsen til NRK.

Han seier eit sabotasjeforsøk kan gjerast på fleire måtar, med dykkarar, ubåtar, ubemanna fartøy eller cyberangrep mot landsinstallasjonar.

– Den trusselen trur eg me skal ta veldig alvorleg. Viss det skulle skje, står me overfor ei svært alvorleg opptrapping av konflikten.

– Er det akutt?

– Det har vel heile debatten i dag vist veldig tydeleg.

Les også: Frederiksen: – Taler om at det er bevisste handlingar

Det danske forsvaret har sluppet dette bildet av gasslekkasjen ved Nord Stream 2 tatt fra et F-16 fly som er stasjonert på Bornholm
Det danske forsvaret har sluppet dette bildet av gasslekkasjen ved Nord Stream 2 tatt fra et F-16 fly som er stasjonert på Bornholm

Tyder på at menneske står bak

Tysdag blei det kjend at både gassrøyrleidninga Nord Stream 1 og 2 lekk like utanfor øya Bornholm i Østersjøen. Leidninga har tre store lekkasjar.

Ifølgje det svenske seismologisenteret registrerte målestasjonar i både Danmark og Sverige to eksplosjonar ved røyrleidningane måndag.

Ein seismolog ved eit universitet i Uppsala svarer den eine eksplosjonen til ein eksplosjon forårsaka av 100 kilo dynamitt, melder Reuters.

– Det er neste usannsynleg at det er andre ting som eit anker eller eit fartøy har kome borti det på ein måte, og då tyder alt på at det er menneske som står bak, seier Karlsen.

Les også: Reagerer på sein skjerping etter gasslekkasjen

Guri Melby, Venstre
Guri Melby, Venstre

– Eg veit ikkje om nokon tilfelle der røyrleidningar har eksplodert på botn.

Verken Nord Stream 1 eller 2 er for tida i bruk.

– Viss det er Russland som står bak, og eg seier viss, for eg er ikkje sikker, så vil eg tru det er ei form for politisk signal til Vesten, der dei seier: Sjå kva me kan gjera, ta oss alvorleg, seier Karlsen.

Dersom det er Russland som står bak, trur ikkje Karlsen det er tilfeldig at eksplosjonane på røyrleidningane kjem same dag som Noreg opnar ei ny gassleidning frå Noreg til Polen.

Fredrik Solvang NRK Debatten om gassrørlendingen Nord Stream

Sjå Debatten om gasslekkasjen i Østersjøen. Regjeringa antydar at det kan vera sabotasje.

Mehl: Ingen indikasjonar på ei slik hending i Noreg

Ifølgje justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) er det ingen indikasjonar på at Noreg skal bli utsett for ei «tilsvarande hending akkurat no».

– Men det som er heilt sikkert, er at hybride trugslar og sabotasjeaksjonar er ein trugsel mot Noreg, og den trugselen er skjerpa etter krigen i Ukraina, seier ho til NRK.

Ho fortel at myndigheitene framleis har lite informasjon om kva som har skjedd i Østersjøen, men at den norske etteretningtenesta jobbar tett saman med tenestene i Norden.

Ho bekreftar at Noreg har hatt kontakt med allierte land i Nato i løpet av dagen.

– Det er viktig i den tida me er inne i. Me ser jo at handlinga skaper uro i heile Europa, og derfor er det viktig at me har eit godt samarbeid.

Les også: Forsker om gasslekkasjene: Overbevist om at det er russisk sabotasje

Putin
Putin

Av sikkerheitspolitiske årsaker kan ikkje statsråden gå nærare inn på dette arbeidet.

Mehl seier regjeringa har gjort ei rekke tiltak for å styrka beredskapen og sikkerheita i Noreg det siste året.

– Me har styrka PST, e-tenesta og Nasjonalt tryggingsorgan for å kunna avdekka og førebygga desse tinga. Akkurat no har me ei hending som har set dette veldig på agendaen.

– Det er viktig for meg å vera tydeleg på at regjeringa tar dette på største alvor, seier Mehl.

Onsdag vil olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) stilla i Stortinget for å svara på spørsmål knytt til situasjonen med gassleidninga i Østersjøen.

Mehl bekreftar til NRK at også ho skal til Stortinget saman med energiministeren for å greia ut om situasjonen onsdag.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger