Hopp til innhold

– Vi må ha trøkk for å få til dette

Fylkestinget skal truleg ta stilling til trasevalet for kryssinga av Todalsfjorden i desember.

Bergsvein Brøske

Styreleiaren i Trollheimstunnelen, Bergsvein Brøske inviterer til brei og grundig debatt om traseval for kryssinga av Todalsfjorden.

Foto: Trond Vestre / NRK

I løpet av ikkje så altfor lang tid bør det bestemmast kvar kryssinga av Todalsfjorden i Surnadal skal skje.

No inviterer styreleiaren i Trollheimstunnelen, Bergsvein Brøske til ein brei og grundig debatt om dette.

Målet er at fylkestinget i desember skal ta avgjerda om kvar kryssinga skal vere.

– Det opplever eg som kjempeviktig. Det som kommunane no har gjort er å seie at no stopper vi opp og så ser vi på heile prosjektet, seier Brøske.

Tre alternativ

No skal dei på fritt grunnlag vurdere tre forskjellige alternativ til løysing, og ta inn all ny kunnskap om transportsystem, om regional betydning av dette prosjektet og dra saman dette til ei felles sak.

– Då kan ein sjå kva alternativ som vil vere det rette å løyse dette på. Uansett om det valde alternativet kanskje kan vere 100 millionar dyrare eller billigare, må vi velje det alternativet som møter framtida best, seier Brøske.

Han meiner strid og usemje om fjordkryssingsalternativ gjer det naudsynt å gå gjennom ein altomfattande gjennomgang av prosjektet.

– For gjennom ein grundig debatt har vi von om at enda fleire skal gå inn i arbeidsprosessen og få den «stå-på-evna» vi må ha det neste tiåret for at dette prosjektet skal kome til ein byggestart, seier Brøske.

Saka held fram under biletet

Trollheimstunnelen

Trollheimstunnelen.

Foto: Trollheimstunnelen
Treng ein stoppestad

Brøske trur det handlar om summen av den samfunnsdebatten.

– Eit samfunn som er i klar endring har gjort at det er behov for å ta denne reelle stoppestaden. I tillegg trur eg kommunane og har sett at vi treng fleire aktive medspelarar med på laget for å få til prosjektet, seier Brøske.

Brøske føler Trollheimstunnelen har mista litt støtte og tillit.

– Det dukkar opp spørsmål om andre alternativ på E39 og forskjellig, som gjer at folk som kanskje ikkje er i samferdseldebattar til kvardags byrja å lure på «Ja, kva er det vi eigentleg skal meine no i framtida», seier Brøske.

– Må tole samfunnsdebattar

Det er og forskjellige alternativ til Trollheimstunnelen. Brøske synes det ikkje er problematisk at desse alternativa har kome opp.

– Alle type prosjekt må tole samfunnsdebattane som kjem opp undervegs meiner Brøske. Han legg til at dersom dersom dei ikkje toler dei er dei ikkje robust nok.

Likevel synes han at det er utfordrande i det totale landskapet samferdsel på Nordmøre, men at det er viktig å sjå kva som er det rette for den regionale utviklinga.

– Med kor ope sinn går du inn i denne debatten?

– Eg går inn med heilt ope sinn, fordi eg ser det at eg har klokketru på at dette er den rette utviklinga, seier Brøske.

– Men då må vi ha det nødvendige trøkket får at vi skal ha lyst til å få til dette i lag. Dersom vi ikkje har det kan vi bli sett under eit ubeghagelig press, og at det i verste fall ikkje blir noko av dette, held han fram.

Til fylkestinget

Målet er å få denne saka opp i fylkestinget i år. Det betyr at dei må ha landa diskusjonen til då.

– Det er det absolutte målet. Eg som styreleiar vil jo vere inhabil i forhold til behandlinga i fylkestinget, men dette handlar om administrativ og politisk handverk i Surnadal og Sunndal kommune, godt støtta opp av fylkesrådmann i Møre og Romsdal, avsluttar Brøske.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL