Fødande vil ha akupunktur

Legestanden har tidlegare vore skeptisk, men no er det heilt vanleg med akupunktur på fødeavdelingane.

Akupunktur
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Hjelp i kvardagen

Siv Lorgen får akupunktur

Siv Lorgen får akupunktur av Kristin Evjen

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Siv Lorgen har kome langt i svangerskapet. Alt tidleg fekk ho smerter i bekkenregionen og bestemte seg for å ville prøve akupunktur.

Ho fekk god hjelp, og bestemte seg for å prøve metoden også seinare i svangerskapet då ho fekk smerter i ryggen og søvnvanskar.

- Eg har i grunnen blitt avhengig av akupunktur for å få kvardagen til å fungere, seier ho.

Siv har no bestemt seg for å bruke akupunktur også under fødselen.

Nyfødde heim etter 48 timar

God kompetanse

Akupunktur i øyret

God kompetanse må til for å utføre akupunktur

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Siv fekk hjelp av Kristin Evjen som er akupunktør og fysioterapeut. I snart ti år har ho gitt akupunktur til gravide, og pågangen har aldri vore så stor som no, seier ho.

- I begynnelsen av svangerskapet er det mange som kjem for å få hjelp mot kvalme. Seinare er det bekken- og ryggmserter og søvnvanskar som er mest vanleg.

Rundt 60.000 barn blir fødde her i landet kvart år og stadig fleire kjem til verda godt assistert av jordmor med akupunktur- kompetanse.

Ved fødeavdelingane i Møre og Romsdal tok tilsaman 90 jordmødre imot vel 2800 nyfødde i fjor og flesteparten av jordmødrene kan akupunktur.

Nektet fødende kvinne å banne

Satsingsområde

Elin Hansen Ytterbø

Elin Hansen Ytterbø er fagutviklingsjordmor i Helse Sunnmøre

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kvinneklinikken ved Helse Sunnmøre har dette som eit stort satsingsområde og vil gi fleire jordmørdre høve til å ta høgskuleutdanning i faget.

Jordmødrene sjølve synes akupunktur er eit godt hjelpemiddel mot fødslessmerter. Men metoden kan også brukast for å få igang mjølkeproduksjonen og mot andre komplikasjonar i samband med ein fødsel.

Epidural bedøving har vore viktigaste middlet for smertelidning ved fødslar etter at Arbeidstilsynet sette totalforbod mot bruk av lystgass for eit halv år sidan. Ved kvinneklinikken i Ålesund har bruken av epidural auka med heile 50 prosent etter forbodet.

Men forbodet mot bruk av lystgass som smertestillande, har no sett større fokus nettopp på bruken av akupunktur. - Det er ikkje noko mål å halde epiduralbruken ekstremt lav, seier fagutviklingsjordmor Elin Hansen Ytterbø i Helse Sunnmøre.

- Men samtidig er det å foretrekke å bruke metodar som er uavhengige av medikament så langt som råd slik at vi ikkje gjer større inngrep i den naturlige prosessen enn det som er nødvending.