Hopp til innhold

Nyfødde heim etter 48 timar

Sjukehusa vil spare pengar med å korte ned liggetida for barselkvinner frå tre til to døgn.

Video nsps_upload_2009_10_7_16_3_58_3417.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Rita Robertsen trur ikkje ho ville ha tid til å finne roa etter berre to liggedøgn etter fødselen. Sjå video over.

Ny ansvarsfordeling

Kommunane skal må meir ansvar for nybakte mødre og borna deira. Det meiner Helse Sunnmøre som no kallar inn kommunane for å informere om endringa.

Helseforetaket skal spare pengar og dette gjer dei ved å pålegge jordmødrene, helsesøstrene og primærlegane i kommunane tilsynet med dei nyfødde to dagar etter fødselsen.

Jordmødrene har fullt opp

Jordmorundersøking

Jordmor Marit Myklatun forstår ikkje korleis ho skal få tid til meir.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Jordmor Marit Myklatun i Sula kommune forstår ikkje heilt korleis ho skal greie meir enn det ho no har ansvar for. I si halve stilling undersøkjer ho 9-10 gravide kvar dag og må stadig be kvinner bruke fastlegen i staden. Korleis ho skal kunne yte meir omsorg etter fødslar, forstår ho ikkje. Einaste råda må vere å tilsette fleire jordmødre, seier ho.

Ikkje tid til å finne ro

Rita Robertsen er ei av dei som nyt godt av dagens ordning med tre liggedøgn etter fødselen. - Det første døgnet søv både mor og baby mykje, seier ho, andre døgnet går mykje til å få igang amminga. - Først tredje dagen kjem du skikkelig igang med morsmelka og kan begynne å føle deg trygg i situasjonen.

Tvangspålegg

Ordførar i Sula, Ronny Blomvik

Ordførar Ronny Blomvik i Sula ser ikkje korleis kommunen skal greie å følgje opp.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Utspelet frå helseforetaket er uventa og er eit tvangspålegg, seier ordførar i Sula kommune, Ronny Blomvik. Han meiner kommunen ikkje har sjans til å finne pengar til den nye ordninga på så kort tid. Og han trur det kan bli vanskar for mødre som no ikkje får tid til å finne roa på sjukehuset og som heller ikkje kan vente at kommunane greier å følgje opp.