Kommunestyret i Halsa drøftar saka etter ferien.
Informasjonsleiar Wiggo Kanck seier reisetida blir halvert dersom ein flyttar ferjeleiet lenger ut i fjorden.
Då kan ein klare seg med ei ferje istaden for to.
Halvert reisetid
Ferjesambandet Halsa - Kanestraum, på E 39, går i dag der fjorden er på sitt breiaste.
Ved å flytte ferjeleiet lenger ut i fjorden kan ein altså halvere reisetida.
Og det vil vere til glede for svært mange, sidan dette er ein av dei mest trafikkerte ferjestrekningane i fylket, og også ei viktig samferdselsåre til og frå Trøndelag.
Nasjonal Transportplan
Blir det bestemt at ein ønskjer å satse på å halvere reisetida må planane føyast på Nasjonal Transportplan, som legger føringer for samferdselssatsinga fram til 2015.
Men då vil det gå ut over andre prioriterte samband.
Og å flytte ferjeleiet inneber også nye vegar, noko som Statens Vegvesen ikkje har pengar til i dag.
Likevel håpar Kanck at ferjeleiet kan flyttast innan fem til ti år.