Hopp til innhold

Flyktningmadrassar gir full fres

Eit hasteoppdrag på levering av ti tusen flyktningmadrassar skaper stor aktivitet ved Westnofa på Åndalsnes.

Westnofa

Det er travle dagar ved Westnofa på Åndalsnes med produksjon av flyktningmadrassar til UDI.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det har vore eit voldsomt trøkk her den siste tida. Anita Brude arbeider med kundeservice ved Westnofa. Ho seier at bestillinga frå Utlendingsdirektoratet har skapt stor aktivitet ved bedrifta.

Det var Åndalsnes Avis som først omtalte saka.

Westnofa har 35 tilsette. Hasteoppdraget frå UDI har gjort det nødvendig å jobbe i to skift for å få unna alt.

Storordren frå UDI er viktig for omsetninga, og er med på å gjere 2015 til eit godt år for industribedrifta på Åndalsnes.

Westnofa

Det har vore arbeidd i to skift ved Westnofa for å få unna madrassproduksjonen til UDI.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Fint å kunne hjelpe

– UDI-ordren skaper stor aktivitet, og det er også fint å kunne hjelpe folk i naud, seier Anita Brude til NRK Møre og Romsdal.

Det heile starta med at eitt tusen madrassar vart produserte på to dagar i oktober. Etter det har det gått slag i slag. Til no har dei laga ti tusen madrassar som flyktningar skal kunne sove på.

Ting skjer raskt

– Vi har ei effektiv produksjonslinje. Ting skjer raskt når vi bestemmer oss for det. Folka våre har verkeleg stått på den siste tida, seier Anita Brude, som arbeider med kundeservice ved Westnofa på Åndalsnes.

Westnofa

Westnofa Industrier er den største leverandøren av skumplastmadrassar i landet.

Foto: Remi Sagen / NRK

Westnofa Industrier er den største leverandøren av skumplastmadrassar i Noreg. Dei er også blant dei største leverandørane i Norden på skumplast til alle slags møblar.

Bilder fra madrassproduksjonen

Sjå tv-saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL