NRK Meny
Normal

Fly punkterte på Vigra

Eit Norwegianfly punkterte under landing på Vigra i dag. Det stadfestar flyselskapet.

Fly punkterte på Vigra

Flyet på bakken på Vigra like etter landing.

Foto: Erlend Vikene

Flypunktering Vigra

Redningsmannskap sjekkar hjulet.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

–Eg kan stadfeste at det eine hjulet på flyet hadde låst seg og dermed punkterte det ved landing. Dette førte også til noko røyk. Det seier presseansvarleg i Norweigian, Astrid Mannion til NRK.

Ho seier landinga var udramatisk.

–Men eg forstår om passasjerane syntes dette var ubehagleg, seier ho.

Høyrde eit høgt smell

Øyvind Johan Heggstad

NRK-reporter Øyvind Johan Heggstad var om bord i flyet som punkterte.

Foto: Terje Reite / NRK

NRK-reporter Øyvind Johan Heggstad var om bord i flyet som punkterte. Han fortel at dei først høyrde lyden.

–Flyturen var heilt normal, men like etter landing høyrer vi ein kraftig smell og det rister i flyet, fortel Heggstad.

Han seier dei kjende røyklukt og at brannmannskap var raskt på staden for å sjekke at alt hadde gått bra.

Korleis reagerte passasjerane?

–Det var roleg og stille om bord, folk satt berre og venta på ein beskjed om kva som hadde skjedd. Etter eit lite stopp på rullebana fekk vi melding frå kapteinen om at det hadde vore ei punktering, før passasjerane blei sendt ut av flyet, fortel Heggstad.

Knipsa bilete av punkteringa

Laster Instagram-innhold

Stephen Sollid var passasjer i eit SAS-fly som venta på å ta av. Han la merke til flyet då det parkerte ved sidan av og delte bilete av det punkterte hjulet på bildedelingstenesta instagram.

–Eg høyrde ikkje smellet, men såg at det var noko med flyet. Då flyet stod stille la eg merke til punkteringa med ein gong, seier han til NRK.

Sender opp nytt fly

Flyet som punkterte skal no sjekkast og hjulet byttast. Mannion seier dei gjer det dei kan for å unngå for mykje forseinkingar for passasjerar som skal vidare.

–Vi sender eit nytt fly til Ålesund for dei som skal tilbake til Oslo, og prøver å slå saman to avgangar. Vi satsar på at dette kan løysast ganske raskt, seier ho.