Hopp til innhold

Fleire vil overvake sauane sine

Mange vil ha radiobjøller til sau her i fylket. Etterspørselen er så stor at ikkje alle som vil ha, får det.

Sau med radiobjelle
Foto: privat

Ragnhild Tokle

Ragnhild Tokle.

Foto: privat

Slike radiobjøller er sendarar som skal gjere det lettare for bønder å drive tilsyn og sanking av sauer på utmarksbeiter.

Sendarane er festa til eit halsband som sauane bruker når dei er ute. Ved hjelp av ei datamaskin kan bøndene dermed følgje sauane når dei vandrer rundt på beite.

Les også:

Populære bjøller

- Du ser kvar sauen bevegar seg i terrenget og det lettar tilsynet. Du vil òg få alarmar om ein sau vert liggande i ro eller bevegar seg på eit lite område, seier Ragnhild Tokle som er ansvarleg for radiobjøller i Møre og Romdal Sau og Geit.

Tidlegare har slike radiobjøller berre vert brukt i til beiteprosjekt, men i år er 1200 slike sendarar festa på sauer her i fylket.

- Eg synest det fungerar veldig bra. Det er verkeleg interessant, fortel Tokle.

Prøvar det ut

Solfrid Holm er sauebonde i Rauma og har 70 sauer pluss lam på beite i fjella. I år er fyrste året ho prøver radiobjøllene på fem av sauane sine.

- Eg har blant anna radiobjølle på ein sau som brukte å få lam med sjukdommen Alveld . Då eg såg at den sauen gjekk fra og tilbake på same plass, skjøna eg at noko var gale. Det viste seg at sauen hadde fått to lam med alveld.

Les også:

Holm er nøgd med bjøllene og seier ho godt kan tenkje seg fleire.

- Då kunne vi fulgt litt betre med oppe på fjellet og ved vatnet. No er det berre dei som går lengst som har fått slike bjøller, forklarar sauebonden.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL