NRK Meny
Normal

- Vi er redd ørna tek dyra våre

Ørn har teke livet av fem av lamma hennar. Og i nabolaget fortvilar folk som har mist kattane sine. Kvar dag ser dei ørneflokken krinse over bygda.

Kjerstin Haddal

Kjerstin Haddal går blant sauene ho har att. I fjor tok kongeørn 5 lam. Då ho miste eit lam i slutten av april var ho sikker på at ørna var på ferde igjen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Langs heile kysten av Noreg ser vi fuglane med det store vengespennet stadig oftare. Flokkane er større enn før. Inntrykket er at dei kjem nærare folk enn før.

Kjerstin Haddal

Det var her på garden til Kjerstin Haddal at kongeørn tok fem lam.

Foto: Arne Flatin / NRK
Drept lam

Lammet blei funne drept like ved tunet. Store deler av underkjeven er vekk.

Foto: Terje Reite / NRK
Alv Ottar Folkestad

Alv Ottar Folkestadseier han føler seg som ein emissær som reiser rundt og snakkar ørna si sak.

Foto: Terje Reite / NRK

Det er særleg havørna som aukar i talet på. Ekspertane seier at havørna er ein ufarleg åtseletar. Andre meiner at ekspertane tek feil.

– Frykta at ørn tok lamma


Det var tidleg om morgonen siste torsdagen i april. Lamma til Kjersti Haddal i Ulstein hadde vore ute berre eit par dagar. Då ho kom ut for å sjå til dyra, såg ho at eit av dei små lamma var borte.

– Naboane brukar å ringje meg når ørna kjem nær buskapen. Vi er plaga med ørn og vi følgjer godt med, seier Kjersti Haddal.

I fjor tok ørna fem lam frå flokken hennar, fortel ho. Dokumentasjonen var sterk nok for tre av tilfella, slik at ho fekk erstatning for tre av lamma.

– Eg tykkjer det er nok ørn her no. Her er tre ørner som sviv over bygda. Om det er havørn eller kongeørn veit ikkje vi. Ekspertane seier at havørna ikkje tek sau, men vi veit ikkje heilt kva vi skal tru. Vi vil i alle fall ha sauene våre i fred, seier Haddal.

Få dagar etter at det vesle lammet på Haddal måtte bøte med livet, møter vi ornitolog Alv Ottar Folkestad. Han har nettopp fått telefon frå saueeigaren, og er klar til å rykkje ut.

-Vi må reise ut for å finne dette lammet. Vi veit at den freda kongeørna er i stand til å ta lam. Kongeørna har gjort skade i området før, seier Folkestad.

Sauetap av kongeørn i 1999–2002

Så mange sauer tok kongeørna 1999-2002

Fylke

Sau tatt av
kongeørn

Aust-Agder

6

Buskerud

4

Finnmark

4

Hedmark

61

Hordaland

1

Møre og Romsdal

10

Nordland

34

Nord-Trøndelag

17

Oppland

21

Rogaland

7

Sogn og Fjordane

6

Sør-Trøndelag

18

Telemark

3

Troms

7

Vest-Agder

4

Totalt

203

Lammet vart berre fem dagar

Lammet vart berre fem dagar gamalt. Det var fødd i slutten av april og måtte bøte med livet ein av dei første dagane i mai. Dramaet skal ha skjedd nær inntil tunet på det vesle småbruket i Ulstein. Det er ikkje noko fint syn som møter oss. Underkjeven på det vesle lammet er langt på veg vekk, vi ser inn i eit djupt hol der snuten og auga skulle vere.

Alv Ottar Folkestad

Alv Ottar Folkestad undersøkjer lammet. Kongeørn kan ha teke livet av lammet.

Foto: Terje Reite / NRK

-Eg har prosedyrar eg må gå gjennom for å finne ut kva som har skjedd. Syndaren kan i utgangspunktet vere kongeørn. Men det kan vere snakk om noko heilt anna. Havørn er det ikkje. Ho tek ikkje lam, slår Folkestad kategorisk fast.

– Ørna tok 7 kattar på ein vinter

Etter at vi har følgt ornitolog Alv Ottar Folkestad gjennom undersøkingane av lammet, kjem det fleire historier om ørn som har teke husdyr i Haddal. Særleg ille skal det ha vore vinteren 2009/2010.

– Her i bygda forsvann det 7 kattar på eitt år. Eg er ganske sikker på at det var ørn som tok dei. Vi fann kadavera, og vi har sett ørna stupe ned mot kattane. Kongeørna hekkar oppe i fjellet her, vi ser dei dagleg, fortel Geir Ove Moldskred.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Moldskred fortel at fleire i bygda er redde for at ørna også skal forsyne seg av andre kjæledyr. Det forsvann færre smådyr sist vinter enn førre. Folk passar betre på no, seier han.

– Dei som har små hundar passar ekstra godt på no. Vi har vore veldig opptekne av dette siste året, seier han.

– Såg havørn ta lam

I 2008 blei det rekna med at det fans opp til 1441 kongeørner i Noreg. Ekspertane meiner det er kongeørna som kan ta husdyr, medan havørna er åtseletar. Men det kjem påstandar om at ekspertane tek feil, og at havørna faktisk tek husdyr. Ein episode skal ha skjedd på Østre Brandsfjellet i Lierne 23. juli 2010. Arne Otto Sandmo blei overraska over det han fekk sjå.

Arne Otto Sandmo

Arne Otto Sandmo hevdar at han såg havørn drepe eit lam.

Foto: Privat

-Eg var på veg innover fjellet, og tok eit overblikk med kikkerten. Eg fekk auge på ein saueflokk, og brått såg eg ein stor fugl som kom seglande inn mot flokken. Fuglen gjekk raskt ned på noko kvitt i utkanten av flokken. Eg såg ørna flakse med vengjene, og dei andre dyra sprang vekk, fortel Arne Otto Sandmo.

– Du meiner det var havørn som tok eit lam?

Ørn drepte sau

Dette lammet blei drept av havørn hevdar Arne Sandmo.

Foto: Arne Otto Sandmo

-Ja. Det tok meg ein time å kome opp til staden. Brått fauk ei havørn opp frå terrenget. Og der låg det eit drepe lam. Lammet var blodfersk, og det var ikkje tvil om at fuglen var ei havørn. Eg trur at enkeltfuglar kan lære seg teknikken og bli sauejegerar, seier Sandmo.

Vart overraska over havørna

Både havørn og kongeørn blei totalfreda i Noreg i september 1968. Frå 70-talet har særleg talet på havørn auka langs heile kysten. I Nord-Noreg har havørnbestanden kome til eit mettingspunkt, der naturen sjølv no regulerer bestanden. I tillegg hekkar havørna no i område som Jæren og ved Oslofjorden. Alv Ottar Folkestad har vore sentral i dette arbeidet sidan det tok til i 1974.

-Då vi byrja, trudde vi at havørna tok husdyr. Eit av måla våre var å finne ut kor mykje husdyr havørna tok, på kva måte havørna tok husdyr, og kva tiltak vi måtte innføre for å avgrense skadane etter som stammen kom til å auke, fortel Folkestad.

– Men dette slo ikkje til?

-Nei, vi vart overraska. Då vi gjekk kritisk inn i materialet, fann vi at det ikkje kunne dokumenterast eit einaste tilfelle der havørna tok husdyr av noko slag. Vi fann ei rekkje tilfelle der kongeørna tok husdyr, men ikkje når det gjeld havørna.

-Kongeørna er jegeren


Alv Ottar Folkestad snakkar seg varm når han får snakke om dei norske ørnestammane. Han er lærar og biolog, og ein av dei sentrale ornitologane i Noreg. Han har fleire periodar bak seg som leiar i Norsk Ornitologisk Foreining.

-Naturen har skapt kongeørna som ein jeger. Du ser det på måten ho er bygd på og du ser det på utforminga av klørne. Havørna er bygd på ein heilt annan måte. Som jeger er ho faktisk ganske klossete. Ho kan ta både fugl og fisk, men er eigentleg utruleg lite elegant som jeger. Havørna er ein typisk åtseletar, forklarar Folkestad.

Så mange kongeørner var det i 2002

Kongeørnbestand 2002

Fylke

Tal på hekkande par

Hedmark

66-76

Oppland

38-52

Buskerud

45-50

Telemark

53-60

Aust-Agder

35-40

Vest-Agder

28-40

Rogaland

40-52

Hordaland

46-52

Sogn og Fjordane

65-85

Møre og Romsdal

95-123

Sør-Trøndelag

50-60

Nord-Trøndelag

60-63

Nordland

90-149

Troms

86-190

Finnmark

39-100

Totalt

836-1190

-Havørna er åtseletar


Folkestad held fast ved at det ikkje fins dokumentasjon på at havørn har teke lam. Han meiner at havørna sin funksjon som åtseletar har både gitt henne dårleg rykte og skapt grobotn for misforståingar. Havørna oppsøkjer dyr som alt er døde, og forsyner seg på same måte som gribben som et restane av døde dyr. Dermed får havørna ofte skulda for å vere den som har teke livet av dyra.

Kongeørn

Kongeørna er jeger.

Foto: Hans H. Bjørstad

-Men når eg møter folk og forklarar og viser fram dokumentasjon, roar dei fleste seg. Fleire har fått store a-ha-opplevingar når dei får innblikk i kva som er særtrekka ved dei forskjellige rovfuglartane. Kongeørna er jegeren, havørna er i stor grad åtseletar, gjentek Folkestad.

Krev forvaltningsplan for kongeørn

Ingen tvilar i dag på at kongeørna er ein jeger, og kan gå til åtak på sau og rein. Her står striden om kor stort problemet er, og kva som kan gjerast for å bøte på skadane kongeørna gjer. Troms og Finnmark fylkeskommune krev no at det blir innført ein forvaltningsplan for kongeørn. Det skal setjast eit tak for kor mykje kongeørn det skal vere i området.

Kongeørn og ravn

Kongeørn.

Foto: Ronny Arntsen

-Eg har studert kongeørn i Finnmark heilt tilbake til 1975. Også den gong var det påstandar om eit stort ørneproblem. Vi gjennomførte prosjekt, og konklusjonen var at dette ikkje var noko problem. Seinare har det dukka opp tilsvarande påstandar, men skadane blir ikkje dokumenterte. Då kan ikkje politikarane i Finnmark og Troms berre vedta at der er eit problem som må løysast, seier Folkestad.

Folkestad seier storparten av husdyra som misser livet i naturen gjer dette av heilt andre årsaker enn ørn. Flåttboren sjukdom er eit stort problem og jerv må ta skulda for ein god del av tapa.

-Og eg stiller spørsmål ved om ikkje tamreinbestanden i deler av Finnmark er alt for stor og at dette er grunnen til ein god del av reins-døden der, seier Folkestad.

-God grunn til å mistenkje kongeørna

Alv Ottar Folkestad legg det vesle lammet på vekta. Lammet rakk aldri legge nokre kilo til fødselsvekta seie. Han studerer skadane og fotograferer lammet.

-Eg skal vere forsiktig med å konkludere før eg har studert dette skikkeleg. Bonden har god grunn til å mistenkje kongeørna, for ho har teke lam i dette området før, seier Folkestad.

Med kirurgisk presisjon flekkjer han skinnet av det vesle lammet. Skadane kring kjeven kjem ekstra godt til syne, og det er ein spinkel skrott som kjem til syne under den svarte pelsen.

Flådd lam

Folkestad klarte ikkje å påvise ørneskadar på dette lammet.

Foto: Terje Reite / NRK

-Eg ser etter merkje frå kjør og nebb under skinnet og i hovudet. Men her er ikkje slike spor. Ei ørn ville nok ha forsynt seg grådigare her også. Min mistanke her går først og fremst i retning av kråkefugl. Både ramn og kråke kan ta eit slikt lam som dette, seier Folkestad.

Han noterer flittig i boka seie og gjer seg klar til å sende rapport. Han seier det er minst like stort behov for å fokusere på skadane vi menneske påfører ørnestammen, som på skadane ørna påfører husdyra. Langs heile kysten set vi opp installasjonar som er farlege for havørna.

Havørn skadd av vindmølle på Smøla

Svært mange havørner har mista livet i møte med vindmøller.

Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK

-Vindmøllene som kjem langs kysten er ein trussel mot havørnene. Med erfaring frå andre europeiske land visste vi at havørna kom til å ta skade av vindmøllene. Og vindmøllene som har kome langs norskekysten drep ørn i same tempo som før, seier Alv Ottar Folkestad.