Hopp til innhold

Fleire trafikkulykker i fylket

Politi, brann og ambulanse er ute på fleire trafikkulykker i Møre og Romsdal laurdag ettermiddag.

Ambulanse

Ambulansar og politi har mykje å gjere laurdag ettermiddag. Illustrasjonsfoto.

Foto: Tore Ellingseter

Det er ulykker både i Eide, Aukra og Averøy.

På fylkesveg 64 på Lyngstad i Eide har det vore ei påkøyring bakfrå. Ein person er sendt til sjukehus.

Sjåfør med smerter

På FV64 i Averøy har det også vore ei påkøyring bakfrå, med ein person til sjukehus.

På Julbøen i fastlandsdelen av Aukra har ein bil køyrd av vegen. Sjåføren seier at ho har ein del smerter.

– Politiet er på plass på staden, fortel operasjonsleiar Siri Engdahl ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL