NRK Meny
Normal

To nesten identiske bilsmellar

Bil mot lyktestolpe. På Stranda. Og i Ørsta!

Politi

Begge bilførarane stakk av, etter to kollisjonar mot lyktestolpar. Illustrasjonsfoto.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er ikkje ofte politiet opplever to nesten like hendingar på to forskjellige stader.

Men i morgontimane skjedde det på Sunnmøre.

Begge bilførarane stakk av

Frå Ørsta fekk dei melding om at ein bil hadde køyrt inn i ein lyktestolpe.

Og nesten samtidig kom det melding om det same frå Stranda. Begge stadene stakk sjåføren av, og politiet rykte ut

Politiet er på plass

– På Stranda har vi etter kvart fått tak i sjåføren, seier operasjonsleiar Arild Reite til NRK Møre og Romsdal.

Patruljar frå Sunnmøre politidistrikt er på begge stadene no og gjer undersøkingar.

Mistanke om rus

Bilføraren på Stranda er mistenkt for køyring i påverka tilstand.

Det blir tatt blodprøve og oppretta sak mot mannen.