Hopp til innhold

Fleire kontrollar i Molde

Politiet har i ettermiddag hatt fleire kontrollar i Molde. I Fannestransdvegen fekk ein bilførar forenkla førelegg for mobilbruk, medan to bilførarar fekk førelegg for sota sideruter. Ein eigar av ein ATV blir også meldt for å ha overlate den til ein mindreårig. I Malmefjorden blei fire køyretøy avskilta då dei ikkje hadde blitt framstilt for kontroll. Ein bilførar fekk gebyr for å ha mangla førarkort og vognkort, og for å ikkje ha brukt belte. Totalt 766 blei kontrollert.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL