NRK Meny

Fleire kontrakter for Farstad

Reiarlaget Farstad Shipping har inngått fleire kontrakter for fartya sine, ifylgje ei pressemelding frå selskapet. To av kontraktene er i Brasil og dei to siste i Egypt. På grunn av den tøffe marknaden ligg fleire av skipa til Farstad i opplag.