Farstadbåter i opplag
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Solstad Offshore

Oppsummert

I ekstraordinær generalforsamling 24.mars 2017 blei Farstad Shipping fusjonert med Solstad Offshore og Deep Sea Supply. Farstad Shipping var tidlegare eit børsnotert reiarlag med hovudkontor i Ålesund. Selskapet heiter no Solstad Offshore.

  • Legg ned i Fosnavåg

    Offshoreselskapet Solstad Offshore legg ned kontoret i Fosnavåg, og samlar dei to avdelingane dei har på Sunnmøre i Ålesund. Administrerande direktør i Solstad, Lars Peder Solstad, seier til nett.no at dei tilsette i Fosnavåg har fått tilbod om jobb i Ålesund. Totalt er det 25 ansatte ved dei to avdelingane.

    Lars Peder Solstad, konserndirektør Solstad Farstad
    Foto: Frode Berg / NRK
  • Solstad Offshore tener lite

    Solstad Offshore, som kjøpte ålesundsreiarlaget Farstad Shipping i 2017, har store vanskar med å tene pengar. Selskapet har eit resultat etter skatt på minus 3,1 milliardar kroner i 2018. Solstad Offshores ei gjeld på om lag 30 milliardar. Selskapet har inngått avtalar med fleire kreditorar om utsetting av betaling av lån og renter.

  • Farstad-namnet er vekke

    Solstad-Farstad er definitivt historie. Farstad-namnet forsvinn og frå denne veka av heiter reiarlaget Solstad Offshore ASA, skriv Sysla. Det er no dryge eit år sidan fusjonen mellom Deep Sea Supply, Farstad Shipping og Solstad Offshore. Etter fusjonen gjekk tidlegare styreleiar i Farstad, Sverre Andreas Farstad, inn som styremedlem. Men han trekte seg i januar. Farstad ønskte då å fjerne familienamnet.

  • Stortap for Solstad Farstad

    Offshore-rederiet Solstad Farstad la frem tallene for årets andre kvartal i går kveld. Det viste et resultat før skatt på minus 780 millioner kroner i kvartalet, ned fra et positivt resultat på 1,4 milliarder kroner i samme periode i året før. Det skriver Dagens Næringsliv. Inntektene i årets andre kvartal var på 1,36 milliarder kroner. Selskapet sier det er forventer at oljeprisen på dagens nivå vil øke investeringene i olje- og gassektoren, og dermed øke etterspørselen etter tjenester fra offshorerederiet.

  • Skal vurdere namneendring i mai

    9. mai skal generalforsamlinga i det som inntil vidare heiter Solstad Farstad ta stilling til Sverre A. Farstad sitt ønske om å fjerne Farstad-namnet frå reiarlaget. Det skriv Sysla. Farstad Shipping fusjonerte med Solstad Offshore og Deep Sea Supply i fjor sommar. Sverre A. Farstad trekte seg frå styret i januar etter å ha uttrykt misnøye med resultatet av fusjonen. Han kravde også at familienamnet skulle bli fjerna frå reiarlaget.

    Styreleder i Farstad Shipping, Sverre Andreas Farstad
    Foto: Frode Berg / NRK