Hopp til innhold

Fleire hustomter

Det er stort håp om at fleire vil busette seg på øyane i Haram og Sandøy når Nordøyvegen kjem. Det vert no jobba for å legge ut fleire hustomter på øyane. Eirin Buner og Svenn Even Otterlei har bygd hus på Lepsøya. No trur dei at fleire kjem etter. – Det har allereie vore ein god vekst dei siste åra og vi er ganske sikre på at no vil trenden vokse raskare, seier Svenn Even Otterlei.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL