Hopp til innhold

Bytta ut karakterpress med koding

Då karakterane ikkje strekte til for dataingeniørstudiet, trudde 22 år gamle Torstein Karlsen Rinde at draumen var over. Så fekk han praksisplass.

Torstein Karlsen Rinde sitter og koder.

Programmering og koding er ein stor interesse for mange i dag.

Foto: Anders Haualand / NRK

– Hovudplanen var jo å gå på dataingeniørstudiet, men så hadde eg ikkje karakterane til det, seier han.

Rinde har vore interessert i programmering sidan ungdomskula, men sleit med å finne fotfeste i det vanlege utdanningssystemet. Så fekk han praksisplass gjennom GET Academy i Kongsberg Defence & Aerospace, der han no har sommarjobb som programmerar.

Torstein Karlsen Rinde

Torstein Karlsen Rinde har fått praksisplass i Kongsberg Defence & Aerospace.

Foto: Anders Haualand / NRK

– Eg heldt på med scripting av testdekning og systemprogrammering, fortel Rinde.

Han skildrar arbeidsmiljøet som støttande og inkluderande, med låg terskel for å be om hjelp, og han lærar mykje kvar dag.

– Eg gler meg kvar dag, fordi det er endelaust mykje å lære, liksom.

en person som skriver på et tastatur

Koding, programmering, scripting.

Foto: Anders Haualand / NRK

Nøkkelkompetanse

Omtrent 70 000 personar i alderen 15 til 29 år er verken i jobb eller tek utdanning. Blant dei som hjelper unge ut i arbeidsmarknaden er GET Academy. Det er ein privat IT-skule som retter seg mot unge vaksne med interesse for programmering, men dei må ikkje ha formelle kvalifikasjonar.

Ifølgje medgründer Eskil Domben handlar det mindre om karakter, og meir om motivasjonen og vilja til å lære.

– Me bryr oss lite om kva dei som kjem til oss har gjort før. Me bryr oss veldig mykje om dedikasjon, seier Domben.

Eskil Domben og Terje Kolderup er gründere i Get Academy som utdanner it-utviklere i digital undervisning.

Eskil Domben og Terje Kolderup er gründerane bak GET Academy.

Foto: Veslemøy Prøis / NRK

Studentane lærar både programmering og det Domben omtalar som «nøkkelkompetanse». Som evna til å gi og ta tilbakemeldingar, stå i stress, og samarbeide i lag.

– Formålet er å skape dei kompetansane som arbeidsmarknaden ser etter. Me lærar studentane våre IT på eit høgt nivå, samstundes som me gir dei verktøya som skal til for å fungere best mogleg i eit arbeidsmarknad, seier han.

Ifølgje skulen har over 100 tidlegare studentar gått vidare til fast arbeid i selskap som DNB, TRY og Columbus Global. Rundt åtte av ti som fullføre praksisen, får fast tilsetting.

Les også Christer (17): – Jeg var så skolelei, jeg holdt på å gi opp

Christer Halvorsen med hjelm og gule arbeidsklær

Håp for framtida

Elin Lindtvedt, avdelingsleiar i Kongsberg Defence & Aerospace, seier at Rinde sitt engasjement og hans kunnskap raskt skilte han ut.

– Han har programmert veldig mykje på fritida, og elskar programmering. Og det me ser, er jo at den genuine teknologi- og programmeringsinteressa veg like mykje som ei utdanning, seier ho.

Elin Lindtvedt, avdelingsleiar i Kongsberg Defence & Aerospace

Elin Lindtvedt er fornøgd med den nye praktikanten.

Foto: Anders Haualand / NRK

Dette er fyrste gong hennar avdeling har tatt inn ein praktikant frå GET Academy, men ho er allereie positiv til å gjere det igjen.

– Eg har hatt to praktikantar inn hos oss frå ulike aktørar, og synast at samarbeidet har fungert kjempefint. Og kjem nok til å vurdere å kunne ta inn ein til seinare, seier ho.

en mann som sitter ved et bord og bruker en datamaskin
Torstein Karlsen Rinde

Han ynskjer seg ein fast stilling i Kongsberg.

Foto: Anders Haualand / NRK

No håpar Rinde at sommarjobben kan bli til noko meir.

– Håpet mitt er ein fast stilling her i Kongsberg Defence & Aerospace. Eg trivst veldig godt her, seier han.

Les også Regjeringen griper inn og gir tillatelse i omstridt byggesak

et par kvinner utenfor en stor bygning